Eit stykk måk for mykje

 

Oslo har vore kvit i vinter. Det har lava ned, og bilane har snødd ned, og det har lava ned igjen, og dei nedsnødde bilane er blitt dobbelt nedsnødd, medan dei frammåka bilane er blitt nedsnødd igjen. Dei bilfrie irriterer seg over baksinga: Når gangvegen endeleg er frammåka, blir han dekt av snø igjen, og damene får ikkje brukt dei høghæla skoa som dei har kjøpt på sal. Ungar og hundar leikar og ler i bakkar og haugar, medan andre levande bannar så ein skulle tru dei hadde gløymt all krig, svelt og elende. Då eg atter ein nysnømorgon ser bilane stå som perlekjede nedover gata, må eg flire: Simon, sogningen i oppgangen, står og spar fram ein bil, og han ser mildt sagt heit ut, sjølv om det er åtte kuldegrader.

– Har du kjøpt bil? ropar eg, og han ristar på hovudet. – Skal du stele bil? spør eg, og han kjem bort til vindauget.

– Eg jobbar, pesar han, og han peikar på to pyser som kikar betutta på bilen. – Eg tar femti kroner per bil, og no har eg måkt fram fire. Bra biceps får eg og.

– Du og ditt, fnys eg, og eg lagar meg frukost og les avisa, til eg høyrer ståk og ser at det står det ei folkemengd i gata.

Simon har tatt av seg jakke og hue. Ja, han står i singlet og spar.

– Eg har venta lengst, høyrer eg.

– No må du FAEN meg gi deg, ropar ein. – Eg jobbar i skatteetaten og skal i eit viktig møte, og no er eg seint ute.

– Skatteetaten meg ein viss plass, skrik ein tredje. – Eg er lege, og eg har eit venterom fullt av pasientar som ventar.

– La dei vente, seier ein fjerde. – Eg jobbar på slottet, og eg skal liksom ha eit møte med kronprinsen om ti minutt.

– Du lyg, bjeffar den andre. – Folk på slottet bur på vestkanten.

– Jaggu! ropar ein femte og skubbar i eit par andre. – Eg er politikar på høgt plan, men eg bur no for FANDEN på Vålerenga likevel! Hald fram å spa! skrik han til Simon.

– Jau, pip sogningen, og han spar fram ei stasjonsvogn så sveitten sprutar frå den skalla skallen. – Men eg må nok ta hundre kroner for stasjonsvogner.

– Eg gir deg tre hundre om du spar fram BMW’en min på fem minutt, ropar slottsmannen.

– Hallo? skrik visse andre. – Vi er alle arbeidarar, her i stroket? Skal vi diskriminerast?

– Dette finn eg meg ikkje i! ropar ein, og eg ser at norskpakistanarane som driv hjørnebutikkane, står og flirer seg skakke i bakgrunnen. 

– Få fart på spaden! ropar han med BMW’en, men i det same kjem brøytebilen fresande, og bileigarane må kaste seg inn på fortaua medan snøen sprutar oppover bilane.

– Kva er det som skjer her? ropar brøytebilmannen.

– Eg lagar meg musklar, seier Simon og blæs seg opp. – Sjå!

– Jobbar du svart? kjeftar brøytaren.

– Han hjelper jo naboane! ropar eg, og brått hyttar dei neven mot meg.

– Det er rein utnytting! skrik han frå skatteetaten. – Han tar fleire hundre kroner for å spa fram ein bil! Han skal få svi!

Det er då tylen av ein nabo drar hua nedover øyra og kjem halsande inn til meg.

Og resten av måkesesongen sit vi inne og får pizza, brus og DVD på døra.   

 

Tilbake til utgangspunktet