Korleis
går det med blærekatarren?
Simon,
sogningen i oppgangen, er ingen tilhengar av julegåver, men likevel gav han meg
ei innpakka gåve då eg inviterte han ned på gløgg like før jul. Det var ikkje
mykje, sa han, uvanleg sjenert – berre noko han meinte passa til meg, og det
kosta ”ingenting”. Så eg skunda meg å kjøpe ei gåve tilbake – Rune Timberlids Deadline,
sidan eg såg at det Simon hadde gitt meg, måtte vere ei bok. Men då julaftan
kom og eg opna gåva og fann ”Nyttig å vite om urinveisinfeksjoner”,
blei eg… skuffa. Inni boka, som blei utgitt i 1973, står det at ”Denne boka
tilhører Widar”, men Simon har lagt til eit ”ikkje
lenger” i setninga, i tillegg til ”Ny eigar: Marita Liabø”. Boka har elles eit
gulna, mosegrønt omslag, pryda av kvite og svarte sikksakkstriper og setninga
”Denne boken vil få tusenvis av kvinner til å øyne
håp om en normal tilværelse.”
Familien min bladde og flirte, og det tok nokre dagar før dei var overbevist om
at eg ikkje lir av urinvegsplager. Sjølv om eg er god på gøyming, var det
stadig nokon som fann boka, slik at vi kunne ha høgtlesing – ikkje minst av
setningar som Widar har understreka med raudt – rundt
matbordet: ”En del av de bakterier
som har vært isolert i urinrøret og blæren, kan gå
over i blodet. Dette fører til skjelvinger, og man
føler seg medtatt i hele kroppen.” ”Forstoppelse er
hos eldre en viktig tilstand som kan disponere for cystitt.” ”Tøm blæren i løpet av
et kvarter etter samleie, og vask deg grundig.” ”Alkohol er en
utløsende faktor for alle pasienter
med ømfintlig blære.” Eit interessant kapittel heiter Et utvalg av klubbavisens
leserbrev. Boka inneheld og flotte teikningar av urinvegane
og nyrene.
Tilbake i hovudstaden takkar eg hjarteleg og nyreleg. Simon smiler, heilt utan ironi. Han visste at eg ville
like boka, seier han, og eg må berre spørje kvifor.
– Nei, mumlar han. – Eg kjente det vel på meg,
då eg såg boka… Det liksom… kribla… Boka ropte på meg. For du har jo det med å
gå på do i hytt og pine…
– Men eg har aldri hatt blærekatarr, seier eg.
– Det heiter cystitt,
seier han.
– Men kvifor…
– Du får det nok, seier han. – Det står i
boka: Fire av fem kvinner blir ramma.
– Men boka blei skrive for over tretti år
sidan…
– Eldre bøker er best, smiler han. – Bibelen,
til dømes, er svært populær.
– Då likte du vel ikkje Deadline, hintar eg. – Boka kom jo nett
ut.
Han ser ned og mumlar noko om at det kan vere
mykje god spenning i urinvegsinfeksjonar. Og eg som var sikker på at han likte
nynorsk krim… Då han ein dag står på døra med Deadline under armen, blir eg vel ikkje overraska.
– Vi kan godt bytelåne,
seier han. – Du får denne; eg får blærekatarrboka.
No er eg ikkje spesielt glad i krim, men krim
er betre enn blærekatarr. Og neste gong eg er oppe hos Simon, er det som om eg
leitar, og eg finn det eg vil finne: Tranebærkapslar. Som det står på eska: Tranebær blir
brukt for å førebyggje og behandle urinvegsinfeksjonar. Frå no av vil eg alltid
stille han spørsmålet: Korleis går det med blærekatarren?