Først: Underet

Først: Underet

 

Eg skal føde. Eg har fått ei pille, ei pille til og ei sprøyte i baken, og eg ventar på at barnet skal kome ut. Det har tatt nokre dagar. Eg har kome, venta og blitt undersøkt og informert av fagpersonar. Vi har snakka med overlegen og sosionomen, gått heim att, kome tilbake, og no ligg eg i det kvite rommet, og mannen min sit ved senga og ser på meg med alvorleg blikk og munn. Jordmora kjem og kjem, pratar, steller, spør. Ute regnar det. Det er fint at sola ikkje skin. Kvelden før gjekk sola ned på eit heilt unaturleg raudt vis, nesten som i Asia eller Afrika, men skulle det same skje denne kvelden, har vi med eit mirakel å gjere.

 

Timane går og vatnet går med eit brus. Eg skrik opp, for det gjer innihelvete ilt og eg trur det er barnet som kjem stormande. Eg ropar på ein måte eg aldri har ropt på før, og eg tør ikkje sjå før eg har kjent at det ikkje ligg noko barnaktig mellom låra. Eg gløttar på dyna og ser at det ikkje lyser mørkt, men kvitt. Fint, seier jordmora mildt og skiftar overlaken. No gjer det ikkje lenger så ilt, smiler eg til mannen min, som smiler tilbake. Vi trudde vi skulle spele bokstavterningspel. Det gjer vi alltid når vi er på reise, og er ikkje dette ei reise, så veit ikkje eg. Men det like uaktuelt å spele bokstavterningspel som å ta ein tango for to.

 

Eg får ny stikkpille og ny sprøyte. Riene blir sterkare. Eg må på do, men tør ikkje, for eg fryktar at barnet skal kome. Det er ikkje rett at det skal kome ramlande slik, i eit bekken, i eit lite rom utan vindauge. Eg mannar meg stadig opp, men kvar gong eg lettar på dyna, slår frosten meg. Tennene smell mot kvarandre som kastanjettar, og eg kryp saman i fosterstilling. Jordmora meiner at eg godt kan gå litt rundt, men eg vil berre liggje og ikkje fryse og ikkje sjå på gravide kvinnfolk og nyutklekte krek i korridorane. Når vi får fiskekaker, et eg i horisontal stilling. Mannen min seier så lite at eg prøver å få i stand ein krangel. Det er ikkje lett å prate akkurat no, seier han. Men jordmora pratar om han ho elskar og ein ferie og ein hund ho har vurdert å adoptere. Orda renn ut av henne, og fytti, det gjer meg godt. Ho har ikkje tatt imot eit prematurt barn før, seier ho.

 

Eg pustar med magen, vaklar ut på badet, tissar, kryp opp i senga att, seier hurra og drikk eit halv liter vatn. Det er kveld no. Riene framkallar tåpelege klynk. Smerta pressar seg underleg ned mot rumpa. No kjem barnet snart, gut eller jente, daudt eller levande. Viss det er levande, vil det leve i nokre minutt, seier dei. Folk seier så mangt. Alt er mogleg, seier jordmora og smiler mildt igjen. Eg trur ho må vere kristen på ein ideell måte. Ho stryk meg over handa og har gitt meg to klemmar, og når eg takkar henne fordi ho er så snill, takkar ho meg fordi ho får vere med meg akkurat no. Alt er mogleg, gjentar eg og bit tennene saman i ei ri som riv meg opp. Det kan skje eit fint lite mirakel, stønnar eg. Livet er trass alt eit under.

 

Så: Dauden

 

Eg har fått eit barn. Eg har født eit barn for første gong. Det er ein liten gut. Eit knøtlite menneske. Det låg i magen, og no ligg det i hendene mine. Det er både rett og urett. Eg ser på kvar millimeter av han. Han er atten centimeter lang og det er snakk om millionar av millimeter. Han har perfekte små tær med perfekte små tånegler og perfekte små fingrar med perfekte små fingernegler. Eg har lyst til å kysse dei, men tør ikkje, for det vil kanskje verke sjukt å kysse ei så lita barnehand. Eg kjenner forsiktig på knea, tynne som tannpirkarar. Tissefanten er den minste fant eg nokon gong vil få sjå – nesten usynleg. Leppene er fint forma i det dønn alvorlege andletet. Munnen kan ikkje smile. Nasen luktar ikkje. Øyrene lyttar ikkje. Ingenting er som det burde vere. Men eg er heilt rolig. Tårene har slutta å vaske nedover andletet og pusten går som han skal gå, inn, ut. Frosta jagar ikkje lenger gjennom kroppen. Eg er varm. Eg er levande. Inni meg er det tomt. Eg har jobba hardt og pressa morkaka ut – det var ein dritjobb, men eg skal ikkje klage: Frå no av er kroppen berre min, blodet berre mitt.

 

Jordmora vaskar guten og kler på han ei idiotisk fin lita kvit hue med dusk. Ho seier at eg kan ha han inne hos meg så lenge eg vil, til og med heile natta. Ho spør om vi vil gje han eit namn. Eg ser på mannen min. Vi kan kalle han Knerten, seier eg og ler kort. Knerten er Knerten. Han kom som ein Knert og drog som ein Knert – poff. Vi skal sitje igjen med to knøtsmå fotavtrykk og to knøtsmå handavtrykk, eit par bilete og ei overraskande stor mengd stort sett kvite blomar som bukkar under i løpet av ei veke fordi sommaren ikkje berre er original, men varm, og er det ikkje slik at dei varme somrane medfører fleire tårer enn dei kalde? Eg ser så hardt på Knerten at det svir i auga. Men det nyttar ikkje. Det vil ikkje skje noko under. Det vil ikkje ein gong skje noko underleg. Han vil ikkje leve. Han er stokk daud.

 

Mannen min meiner at det kanskje ikkje er bra for meg å ha Knerten hos meg så lenge. Det er kanskje nok no, seier han, og eg begynner å sutre som om verda snart skulle gå under. Men gubbevaremegvel – han har jo rett. Og det er kanskje no vi skal spele bokstavterningspel eller kanskje skrive ei adjektivforteljing. Når jordmora kjem inn att, seier eg at ho kan ta guten med seg. Eg seier ikkje farvel og eg kyssar framleis ikkje den aller minste fingernegla. Eg seier ikkje at freden eller guden skal vere med han, for kva skulle det vere godt for? Vi går heller vidare, seier eg til mannen min, og han held meg inntil seg som om eg var eit barn, og vi gret og avtaler at vi skal dele ei flaske trehundrekronersvin og sjå to engelske komediar når vi kjem heim ein gong utpå neste dag, når eg kjenner meg sterk nok. Eg har han, hulkar eg. Vi har kvarandre. Til dauden skil oss, seier eg, og så subbar vi inn på kjøkkenstova og finn oss ein kopp automatkakao og ei vestlandslefse med kanel og sukker. Det er godt med vestlandslefse, gumlar eg, og mannen min set tommelen i vêret. Det er no livet tek til.

 

Tilbake til utgangspunktet