|
Fra Under brua – to utdrag Dama i resepsjonen ser ikkje
eingong på meg då eg kjem inn. Eg stoppar og stampar for å riste av meg snøen,
men ho styrar på med sitt bak disken. I baren sit ein gjeng og ler og ler. Dei
er vel plastboksseljarar som gir blaffen i at dei skal opp tidleg for å lære
meir om kjøkkenty og oppbevaring og korleis det heile skal seljast og korleis
ein skal leie andre som skal selje tette boksar med lok. Det er godt mogleg dei
ikkje kjenner kvarandre frå før. No har dei funne tonen og nokre av dei har
funne kvarandre i den grad at dei er forelska og kåte. Gjennom min jobb treff
eg berre menn som er som mine overordna, forelska i seg sjølv og kåte på seg
sjølv og ei perfekt kone som sit heime i kaksebustaden og les faglitteratur.
Dei er kåte på andre og, og det er heilt greitt, for konene kjenner ikkje til
det, og elskarinnene er like intelligente som konene og dermed gifte sjølve. I
alle fall kan dei ligge på hotell og bale utan biverknader. Slike har det lett.
Dei likar å jobbe og la renommeet vekse framfor spegelen. Hadde eg vore
velståande og næringsdrivande, skulle eg tatt vare på både familie og tilsette.
Eg skulle vore ein god sjef. Eg har berre ikkje hatt leiarskap som mål. Og no
er det for seint. Eg orkar ikkje å klatre i karrieretårn no. Eg har jobba nok
utan overtidsbetaling, og når eg berre har sove litt, skal eg gjere noko
og slappe av. Eg kan seie opp og bli alkoholikar og sosialklient. Det skadar
ikkje å prøve det. Og når eg seier opp, seier fleire opp. Nokre får kjeft på
kjeft og enkelte er hekta på å jobbe tretten timar dagen. Vi er mus i
springehjul i bur. Vi løftar våre overordna: Vi ausar av vår kapasitet, kreativitet,
effektivitet og vitalitet. Og vi får smular: vin, bøker, kurs, turar og flotte
dosar overtid. Eg har faen meg vore blind. Klokka viser at baren ikkje er
stengt, og brått sit eg borte ved disken og får meg eit glas utblanda gin. Det
er godt å få varmen i seg, og utruleg nok blir ei av damene sitjande og møte
blikket mitt, og snart kjem ho bort og set seg og spør kvifor eg er åleine. Eg
er vel på forretningsreise, konstaterer ho, og eg blunkar. Ho fortel at ho er
på leiarseminar. – Plastboksar, nikkar eg, og ho
blir stiv i maska. – Mogleg, seier ho, og så ler ho. – Alt er mogleg, seier eg, og ho
ler høgare. Ho er ganske pen, men ganske tjukk
og full. – Eg har aldri hatt ei dame som veg
meir enn sytti kilo, mumlar eg. Ho stussar. Når ho er skeptisk, er
ho mindre pen. – Eg likar damer som veg meir enn
sytti kilo, seier eg høgt, og dei andre i baren snur seg mot oss, og det er
stille, men det susar i hovudet og eg kjenner at eg er så godt i gassen at eg
kjem til å sovne på stigande rus og få skallebank og ikkje klare å ete frukost. Samtalepartnaren min ser på dei som
ser på oss, og så kneggar ho, og dei og, og eg og, og brått har eg fleire
ferske kjennskap som snakkar om plastboksar og reinkappløpet som skal finne
stad neste dag, då det er samane sin nasjonaldag. Vi joikar ein joik og eg blir
fylt av liv og leven. Mi nye «venninne», som er frå Molde, flørtar
profesjonelt, og eg spør meg om eg skal hoppe i det og endeleg ha seksuelt
samkvem med ei som veg over hundre kilo. Eg hadde aldri trudd at dette var mitt
kvartal, men dei store puppane og den store rumpa freistar meg. Kroppen passar smilet og eg ser for meg at sinnet er
like frodig. – Du er jaggu meg litt av eit
stykke, dristar eg meg til å seie. – Du er jaggu ikkje verst, du
heller, seier ho og reiser seg og nikkar mot heisen. Ho vil ha meg. Plastboksfolket
ropar moro-ord etter oss, og i heisen seier dama at dei ser på henne som litt
vill, utan at ho er det, men då ho såg meg, kjente ho seg brått litt vill
likevel, og no gler ho seg til å vere vill og galen med meg. Ho lener seg mot
meg og ser meg inn i auga og kyssar meg. Tunga rullar meg rundt og det er så
godt at eg kjenner at noko reiser seg, men pusten hennar luktar djevelsk – ja,
det kjem fis ut av munnen hennar. Eg innser at viss eg skal bolle med
denne dama, blir eg nøydd til å ta henne bakfrå. Ho er sikker på at ho er
einsleg, då, spør eg, for eg likar ikkje tanken på at eg skal gå til sengs med
ei med dårleg moral. Ho ler og seier at ho er kristen, og eg tar hendene hennar
og kyssar dei og konstaterer at ho ikkje har giftering. Lukta frå munnen hennar
gjer meg kvalm, men eg får halde nasen unna, så fiksar eg biffen, og skikkar eg
meg, kan morgondagen bli dagen i mitt liv. Vi går til mitt rom, og ho forsvinn
inn på badet. Ho skal vel vaske seg. Det samlar seg litt urin i tilknyting til
det kvinnelege kjønnsorgan i løpet av ein kveld på byen. Dei pissar ein del,
dei og, og sjølv om dei tørkar seg aldri så mykje, vil pisset setje seg fast i
folder og kjønnshår, for dei som har slikt, og det har dei fleste i vårt
samfunn, og viss ho i tillegg har vore på toaren og til og med vore dårleg i
magen, vil ho vel vaske seg bak. Ho reknar vel med at eg skal kysse henne
overalt på den relativt feite lekamen, og då vil ho helst ikkje lukte. – JAU, seier eg og kvepp meg sjølv, og eg kler av meg og legg meg på
senga, men det er litt kaldt, så eg kryp under dyna. Eg dekker heile meg og pustar
dynelufta varm. Heldigvis har eg ei ekte dobbelseng – ikkje ei enkel seng som
står inntil ei anna enkelseng. Eg og senga skal vere varme når ho kjem, og eg
skal gi henne orgasme om eg så må jobbe i to timar. Eg blir litt nervøs når eg
tenkjer på det – det er nok annleis når magen dissar i fleire lag og låra er
svære som purker. Eg sukkar nøgd i dynemørkret, og så geispar eg, og så sovnar
eg, og så vaknar eg av at ein bråte med hud og kjøt veltar inn over meg, og eg
skrik og hoppar til, men moldedialekten skubbar meg tilbake og legg seg over
meg. Hundre kilo, tenkjer eg og konsentrerer meg om å kjenne etter medan eg har
sjansen. Samstundes må eg vri ansiktet vekk, for pusten hennar luktar framleis
ein god del verre enn hesteskit. Og så er eg forferdeleg trøtt – eg må sperre
opp auga. Dama pressar dei svære puppane mot meg, og eg klemmer henne villig og
sukkar tilfreds og kjenner at veslekaren strekk ut ryggen og klukkar lukkeleg
mot huda hennar. I heitaste himmelriket; det er godt. Vekt er ikkje irrelevant,
men relevant. Eg vil ha meir vekt enn eg har visst at eg vil ha. Eg vil skrike
det ut: Ho er FEIT. Og det er fantastisk, sukkar eg, og eg vil sjå nærmare på
kroppen hennar: brystvortene, mageflesket, rumpeballane, knehasane og kanskje
vesletærne. Men ho kyssar meg tungedjupt, og eg og veslekaren blir kvalme –
junioren bøyer hovudet, dovnar eller protesterer. Det er mogleg dei fleste
potenspillekjøparar er menn som har koner med dårleg pust. Eg har ikkje kjent
verre. Ho har for så vidt drukke overdrive og sikkert forsynt seg godt av
buffeen. Men hendene stryk meg over brystet og magen og hoftene og seier at eg
er velskapt og veltrena og venlegsinna, og det er vedunderleg. Men så kyssar ho
meg igjen, og eg kastar opp. Kvalmen slår meg så hardt i magen at eg spyr utover moldedialekten og hundre
kilo kvalitetskjøt. Ho skrik og fyk inn på badet, der ho okkar og brekk seg. Eg
set meg opp og drikk ei halv flaske Solo som eg var smart nok til å setje på
nattbordet. Eg ser for meg at ho står over dasskåla og vaklar med flesket. Og
eg som likte henne – ikkje berre kroppen, men stemma, trur eg, og ho snakka
ikkje i eitt bankande kjør, slik ein altfor god del damer gjer, og eg kunne
likt tankane hennar. Ho verka blid og fri. Kanskje ho skil seg ut ved ikkje å gruble.
Kanskje ho har ei rein, ryddig tabula rasa. Og her hadde eg ein sjanse, og så
maktar eg ikkje vere anna enn fråstøytande. Steike,
eg kan berre gurgle brus og konstatere at det er svært lite oppkast i senga og
at det er ho som no står i dusjen som har tatt støyten. Eg slår av
nattbordlampa, kryp innunder dyna og satsar alt på å gli inn i evig dvale før
ho smell døra igjen. ****** Eg sit på den irske puben og drikk
irsk øl og dansk snaps. Eg har gjort heilomvending og har bestemt meg for å gi
faen og drikke meg opp, for slik å sjå korleis stemninga i skrotten blir etter
kvart. Sett vekk frå tre bråkete austeuropeiske karar som spelar på
speleautomatane utanfor toaletta oppe i andre, er eg den einaste gjesten. Det
er bra. Eg ser fotball på fjernsynsskjermen og blar i tabloidavisene. Dama bak
disken er ung og blond. Dess meir eg ser på henne, dess yngre og penare verkar
ho. Ho passar rett og slett ikkje inn i ein brun pub full av brunst, i alle
fall ikkje etter at eg har lese ein kronikk som omhandlar menneskehandel og ein
artikkel som omhandlar ei bok som omhandlar prostitusjon. Og tenkte eg det
ikkje: Då ein av austeuropearane kjem ned, like etter at ein av automatane har
spydd ut ein klingande bøling myntar, går han inn i baren og inn ei svingdør,
og då han kjem ut att, blir han ståande og drikke øl og kviskre til jenta, som
smiler meir og meir nervøst. Eg ser på henne for å vise at eg er her.
Viss sjefskaren freistar å forgripe seg, er eg eit uunnverleg vitne, og eg skal
støtte henne i eitt og alt. Eg ber om ein øl og ein snaps til, og sjølv om eg
er brennande stiv i nakken, har eg det ikkje verst, faktisk. Det slo meg i
stad: Det finst alltid hjelp å få; eg skal hjelpe meg sjølv. Eg tar flyet
sørover, får meg ei god natts søvn i min eigen heim, går på jobb, seier opp og
tar alt som det kjem. Om ikkje anna kan eg ta ein tur ut i verda. Thailand er
eit bra land. Eg kan bli ei stund og kanskje opne eit lite gjestehus og til og
med finne meg ei jente som vil gifte seg med meg og elske meg og skape familie,
og så bur vi litt her og litt der. Eg har aldri sett for meg at eg skal
importere ei kvinne; eg føretrekk kvinner som eg kan snakke med. På den
andre sida blir det naturleg nok mindre skravling med dei norsksvake, og det finst intelligente samfunns- og
kulturmedvitne kvinner i mengda av unge thailendarar som er så desperate etter
å gifte seg til velstand at dei seier seg villige til å flytte til verdas
kaldaste samfunn. Men eg kan bu i Søraust-Asia, viss eg trivst, og eg
trivst viss eg går inn for det, for dei er blide og takksame borti der, og vil
vi unngå fordommar her heime, fortel vi omverda at vi møttest på eit seminar i
London. Austeuropearen TAFSAR på den unge
bartenderen. Ho krympar seg når han legg handa på overarmen hennar. Eg kremtar.
Ho gir meg eit kort blikk. Eg går bort og ber om ein ny snaps. Jenta skjenker.
Ho er neppe over tjue. Fyren gliser sleskt. Eg nikkar. Eg er godt i farten,
noko som er relativt herleg. Men eg må passe meg. Eg må framstå som edru på
flyplassen og flyet. Eg er ikkje den som sit og rallar på eit fly.
Austeuropearen måler meg, og når eg får snapsen, tømmer eg han i ein kjeft,
sjølvsagt. Eg er høgare enn han, og det kan sjå ut som om eg er dørvakt eller
politimann. Eg spør om det går bra og om det er hans bar. Han nikkar. Eg kikkar
på trappa. Nokon har sikra seg ein ny automatgevinst der oppe. Det smell
rytmisk og metallisk. Han blunkar til jenta og går opp. – Plagar han deg? spør eg. Ho smiler forsiktig. – Du må seie ifrå viss han plagar
deg, seier eg. Ho kan vere ein moderne slave. Buksa hennar er altfor trong, og det er
typisk. – Du er vel norsk? spør eg, og ho
nikkar, men ho seier ingenting. Fy faen: Ho blir brukt av desse
mennene, og eg vil ikkje akseptere
det. Eg vil ikkje vere den som gnikkar ræva mot ein gjerdestolpe medan verdas
uvelfødde jenter blir utnytta så hardt at dei mister vettet og all glede. Eg må
engasjere meg. Eg blir skjelven i
knea. – Det plar vel vere fleire gjestar
her, seier eg. – Når det ikkje er reinkappkøyring … Ikkje noko svar. Det er mogleg ho
er så svak i norsk at ho like godt held kjeft. Eg ber om ein snaps til. Ho er
snill og seier ingenting om at eg ikkje bør drikke fire snaps i timen. Det er
mogleg ho kjenner seg einsam i denne overvestlege verda. Av og til ser ho mot
trappa, og eg bestemmer meg for å bidra ved å gå opp og veksle nokre ord med
slasken, som står og heng på skuldra til ein som sjonglerer med knappane og
ventar på fleire premieras. – De vinn og står i? seier eg, men
eg får ikkje svar, så eg prøver med engelsk, men dei gliser tyst og held fram.
– You must be from Albania, seier eg, og dei ser på meg. – Serbia? spør eg, og
dei vekslar nokre ord. – Moldova? spør eg, og dei gir meg irriterte blikk. – Are you happy by the
cold pole? And the lovely girl? You have imported her? Is she for
sale? For you? From you? To me? For me? smiler eg, og sjefen snur seg med eit
brak. Faen. Eg uttrykte meg klønete, og
om austeuropearar ikkje forstår kødd, forstår dei i alle fall ikkje halvkødd.
Når eg først skal kødde, må eg kødde skikkeleg … – NO! ropar eg, for han kastar meg mot dassdøra. Hovudet slår inn i døra og eg
tenkjer at no knekk nakken ein gong for alle. Albanaren krystar kleda mine i
halsen. No skal eg kvelast, og han er mindre enn meg. Eg er lei for det,
kvekkar eg, men eg får likevel eit kne i ballane, og ei ubeskriveleg smerte
skyt opp i halsen, rasande raud. Eg brekk meg og knekk saman som ei sild. Eg
bannar halvkvelt. – STOPP! Lat meg … FUCK you! bablar
eg, og dei kavar seg opp til himmelske nivå, og eg får eit kne i haka og, og i
staden for å slå ifrå meg, bit eg meg i tunga, og blodet piplar fram og fyller
munnen, og eg begynner sjokkerande nok å grine. – Eg vil ikkje døy slik,
sip eg, og endeleg høyrer eg jenta komme springande opp trappa. – Kva er det som skjer her? ropar
ho, på kav nordnorsk. Dei har å skjerpe seg og sleppe meg, formanar ho, og
sjefsausteuropearen slepp taket, og eg ramlar saman og kravlar bortover mot
trappa. Jenta kjem etter og vil støtte meg, men eg ristar henne av og karar meg
ned trappa og ut. Eg er flau. Eg kan
slåst, men no … Det renn blod og kanskje slev nedover haka. Det bankar
pinefullt i skrittet. Vi seglar vår eigen sjø. |