Spriget
Eit
heilt eige språk har vakse fram på Radøy. Eit språk berre dei mellom 17 og 20
kan forstå.
Det er
tidleg kveld på Radøy. På Manger, like nordvest for Bergen, gjer ungdomen det
dei brukar å gjere – køyre rundt, kommunisere gjennom bilvindauget. Sjølv sit
vi i ein mildt sagt sliten Volvo 144. Dei siste åra er eit heilt eige språk
blitt utvikla her på Radøy, og det vil vi ha innblikk i. Spriget, kallar
dei det, språket som berre dei mellom 17 og 20 kan. Bilen er sjøgrøn og
interiøret raudt.
– Pornofarga,
seier eigaren.
I ein
periode var taklampa raudlakkert. Dimdene – damene – kom springande då. Det
luktar tobakk og gul, grøn og blå Wunderbaum. Det bråkar.
–
Heimesveisa eksosanlegg, fortel sjåføren.
Svirden,
som han kallast, fortel at spriget oppstod i løa for to-tre år sidan. Han,
Borven, Sverren og Ronnien sat der og heldt grokkane, det vil seie villsvina,
med selskap. Passe ofte. Dei luka seg (drakk øl) og sprigda (snakka). Dei kjeda
seg og byrja å lage tøyseord. Nye ord oppstod utover kveldane. Fleire vart
innvigde, og etterkvart kunne minst ti gutar sprigde. Dei sprigda om at dei
skulle på dind (dans). Dei sprigda om bid (båt). Og gib (jobb). Eller om dimde.
Dei sa ikkje: Skal vi få oss noko øl? Dei sa: Skal vi brokka ild?
– Brokka,
som eigentleg betyr å stele, har spreidd seg og blitt eit populært uttrykk i
Knarvik, der eg går på skule, seier Svirden.
– Der
spør dei om du har brokket han, legg Ronnien til og ler.
Tredjemann
i bilden, Borven, som går på skule i Austrheim, eller Idrem, som dei kallar
bygda, fortel at ordet pet har spreidd seg heilt til byen.
– Pet tyder
idiot, forklarer Borven. Eller alt som er stygt. – Er du heilt pet, eller?
Dei
fleste orda inneheld i og d. Det har berre blitt slik, seier Borven. Det måtte
vere enkelt. Difor er det ikkje noko system i spriget. Ingen reglar. Gutane har
likevel innført ein viss grammatikk. Dei seier ein siklid (sykkel), fleire
siklidir. For syklande seier dei siklinid. Dei seier fird for
far, mird for mor, bidefir for bestefar og bidemird for
bestemor. Sird tyder sjølvsagt søster, og brird bror.
– Firden
til Svirden kallar vi berre gamlesvirden, informerer Ronnien.
Vi er
samde om at spriget kan minne om både dansk og islandsk. Men for all del,
spriget slektar ikkje på noko anna språk; det er unikt. Det har ord for alt.
Ein eldre mann som går forbi Mega, kallar dei for bisniaren. Bosniaren,
så klart. Ein gammal mann blir generelt kalla skår. Eg spør om dei
trenar på treningssenteret.
– Om vi
fridar i effo? Nei, vi er passive. Likar best å sitje her og bedefte og ferra.
(Dei
likar å gjere ingenting og røyke.)
Atmosfæren
i sentrum vart forresten øydelagd då dei bygde senteret. Det var mykje kjekkare
med handelslaget.
– Send
meg bigdo, seier Svirden. Han vil rulle seg ein ferrsu.
Hår er hird.
Skjegg er skig. Jakke er gigged. Mat er mid. Pizza er pigda.
Ost er id. Snus er snid. Okse er ige. Høns er hind.
Politiet kallar dei pirgen. Å vaske er å viga.
– Vi
sprigda ei stund om å lage ordbok, men det blei for mykje gib, seier Svirden. –
Spriget har utvikla seg ettersom behovet for nye ord har meldt seg, og etter
kvart har vi og fått synonym. Men det kan vere eit problem at orda er så like
som dei er. Difor har vel spriget slutta å vekse, meiner Ronnien.
Det finst
jo ord for det meste, og nokre av orda blir forstått av dei fleste her på
Radøy, både unge og eldre. Det første ordet Ronnien kan hugse, er bligda,
for møkk. Seinare har dei fått bruk for ordet migdabligda (magesjau).
Høy vart tidleg til hig.
– Når det
ikkje går å bruke i og d, må vi finne andre kombinasjonar, slik som i turo,
for traktor. Eller volvuroen, for Volvoen vi sit i. Det å leve seg inn i
noko kallar vi kort og godt invaduros.
– Der er
Ginden og Rigmirvid, seier Borven og peikar på to gutar i ein knallblå,
mattlakkert bil som rusar og kvin forbi kyrkja og ned mot ungdomsskulen.
– Kva er
skule? spør eg. Men skilen snakkar dei helst ikkje om.
Då er det
mykje greiare å snakke om damer og fest. Jentene dei kjenner heiter Lillid,
Linde, Birginde, systera til Liden og så vidare. Løves betyr visst
løvetannvin. Dei pratar om firdspill (vorspiel) og dans i Grannasen
(Granatun i Bøvågen). Heimebrent
kallar dei drots. Å vere full er å vere overdover effen. Dei seier at folk som
brukar narkotika, reiser til Homenhid. Ein som er hekta, kallar dei Herr
Hidon. Ein som dusjar mykje, kallar ei Herr Didon.
– Higd på
digd, ropar Borven til ei jente. – Ho er deker, seier han. – Dekre pibda.
–
Ivgirdekirde, seier Ronnien til sjåføren.
Eg føler
meg litt utanfor, og dei ser det.
– Du har
vel høyrt uttrykket ”av gårde, Kåre”? spør Ronnien.
Eg ristar
på hovudet. Eg må stikke, seier eg. Heim til fastlandet. Byen. Eg balar litt
med bakdøra. Håpar dei ikkje ser på meg som ein ultramatikonerd.