Sokketjuven
Heime hos
oss slit vi med sokketjuven. Vi var først ikkje sikre på om det verkeleg var
sant – hadde han vore der? Det mangla ein sokk, men det kunne
vere tørketrommelen eller dassen som hadde ete han. Men ettersom fleire sokkar
forsvann, forsto vi at det ikkje var tilfeldig – sokketjuven hadde valt oss som
offer! Kvifor akkurat meg? sutra eg og heldt opp ein sokk som hadde mista maken
sin. Pytt, sokketjuven snik seg vel inn til naboane og, sa mannen min.
Etter kvart har vi akseptert situasjonen. Vi legg saman kle og bannar når vi sit att med ein damesokk, ein mannesokk og ein gutesokk som verken har partnar eller passar i lag med ein av dei andre partnarlause sokkane, men vi kan ikkje gjere noko med det. Eg har vurdert å melde frå til politiet eller få sett ein detektiv på saka, men eg tør ikkje. Ein veit aldri kva sokketjuven kan finne på. Han er jo ekstremt glup som kan stele sokkar i år etter år utan å bli ferska, og vi veit aldri kor mange og mektige vener han har. Du rotar deg ikkje borti mafiaen, liksom!
Ein dag fann eg likevel ut at eg skulle få
tatt tjuven, eller i det minste få sett han. I staden for å gå på jobb,
la eg ein haug nyvaska klede på golvet på soverommet, og så la eg meg godt til
rette under senga. Der låg eg, åleine heime, nervøs, og såg på sokkane i
haugen. Tjue heile par – garantert! Eg tviheldt på den lydlause mobilen,
der eg hadde lagra tusentipsnummera. Klokka blei ti, elleve, tolv. Eg åt
nistepakken så stille eg kunne. Eg venta.
Typisk! tenkte eg. Akkurat denne dagen hadde
han ikkje tenkt å komme? Men eg venta. Klokka blei to og tre. Eg tenkte på mat
og byrja å lage dumme songar. Til slutt kraup eg ut, gjekk på do, trøysta meg
med eit glas cola og la saman kleda. Det var då sjokket slo inn – det mangla
ein sokk! Der sto eg, med nitten og eit halvt par, og det var slik mannen min
fann meg, skjelvande, mumlande.
Det er berre sokkar! seier han til meg. Men
det er ikkje det. Og no har eg gitt opp. Frå no av går eg berre med
strømpebukser.