Vi kjenner oss litt små mellom dei hundrevis av supporterflagga som vaiar i trehusgatene, men det som er fint, er at Klanen ikkje har noko imot at vi sit på Vålerenga Vertshus og ser opp på kyrkjespiret og syng Vålerenga Kjerke før kampane

Me ska’ pløye Enga

 

Sidan eg har flytta til Vålerenga, må eg definere meg sjølv som Vålerenga-supportar. Her vaiar hundrevis av supporterflagg i trehusgatene, og når Enga speler kamp, kjem folket ut iført skjerf og kamprop, på veg til ein medsupporter med betre tv, ein lokal pub eller supporterbussen som tar dei dit laget er. For ein fjogning med bakgrunn i Førde-Florø og til naud Sogndal-Brann, er det noko skummelt over desse brautebassane – Klanen. Dei er grove som… hooligans. Sjølv damene har stor overkropp og banningskraft.

Sjølv om eg vanlegvis ikkje spurtar til skjermen når Start spelar mot Smart, eller kva desse laga heiter, må eg sjå Vålerenga mot Lyn. I alle fall bør eg akkompagnere mannen min og Simon, vår skalla sogning av ein nabo i tredje, for eg likar brølinga og grimasane dei lagar. Mannen min seier at det er ei skam å sjå heimelaget på tv-en vår, som er den minste i bydelen, og sidan det er eit eksklusivt pes å penetrere Ullevål Stadion, går vi til Vålerenga Vertshus, som sikkert er fullstappa.

Vi er litt nervøse, i tilfelle Klanen har noko imot at vi ser kampen på deira pub, utan supporterantrekk og med feil dialekt, og då vi forserer massen av røykjarar på trappa, prøver eg å sjå ut som fast inventar. Enkelte, som må har drukke nokre liter før kampen, ser opp på kyrkjespiret og syng Vålerenga Kjerke – ein tradisjon. Inne er songen skeiv og latteren høg. Sportskommentatorane skrik i høgtalarane og merkeleg nok får vi plass rett framfor skjermen.

 

Eit stykke uti kampen, då Lyn har skåra og vi har banna, innser vi at alle som kan gå, må ha reist til stadion, og at dei som er att, ikkje er i stand til anna enn rape og le. Ein eldre pratmakar sit med ryggen til skjermen og gaular at han er supporter over alle schtøvleschkaft og at han har satsa pengar på sigeren og blir gal viss han ser på.

Kom igjen’a Jonny, ro rei ned! kjeftar enkelte, og karen dunkar hovudet i bordet og ropar at ingen vil vite av han, før han ser på meg og seier at han HATAR Lyn.

I det same ropar Simon: Fao han inn, fao han inn! Og Jonny spør om vi er saftkokarar. Simon, som etter nokre pils er glad og modig, tar ein trall: Oh, me e frao Saogndal, og me e stolt ao da. Mannen min sparkar Simon i leggen, for resten av lokalet ser på oss, no, og det er straks pause. Men Simon står på: Saongdal, Saongdal, Saongdal e best, laga maol i aust og i vest, nord å sør mao adle gje tapt, fø’ eit Saongdal i svart-kvite drakt. Stao no pao, superlag frao Sogndal! Da er ingen andre som er lika god! Aller beste bønda i Norge! ME SKA’ PLØYE ENGA! haukar han, og det blir stille. Fjernsynskommentatorane skvaldrar, men elles høyrer vi berre snøfting og eit og anna rap. Mannen min reiser seg og slår fast at no tar vi drosje bort til stadion. Vi skal knuse Lyn! pip han medan han drar meg og Simon med ut av lokalet.

– Idiot! kvesar han, medan Simon ler og hyler: Da er ikkje noken som kan slao oss no.

Det er ikkje anna å gjere enn å danne vår eigen supporterklubb: Hyklarklanen.

 

Tilbake til utgangspunktet