Forsnøgd med STS språkreiser
Kvar gong
konfirmasjonssesongen kjem, tenkjer eg på den sommaren då eg var på språkreise.
Eg tenkjer litt på min eigen
konfirmasjon, som var tvangskristen, tvangsfamiliær og prega av piggsveis, men
eg tenkjer mest på den gjævaste konfirmasjonsgåva eg fekk og den gjævaste gåva
eg nokon gong har fått – Torquay. (No slår det meg at Torquay høyrest ut som
ein drink.) Eg, som aldri hadde vore på andre feriar enn bilturar til Bodø og
ein matforgifta treningsleir i Danmark, skulle få reise
til England, femten år og åleine.
Foreldra mine stolte openbart på både meg og STS. Når
det gjeld meg, hadde eg allereie jobba som avisbod og det som verre var, og eg
hadde drukke nokre øl og fått kjeft for det, og så hadde eg vore på hyttetur
med kjærasten min, og foreldra mine kunne vel tenkje seg kva eg var i stand
til. Når det gjeld STS, må ein kunne stole på eit
byrå som reklamerer slik: ”For mange er språkreisen
den første turen til utlandet uten foreldre. Det er er en kjempespennende,
morsom og lærerik tid som dessuten
er en fordel senere i
livet.” Og slagordet går sånn: ”Ansvar, Trygget og Kvalitet. Vårt mål er at du
som kunde skal bli forsnøyd.” Eg blir i alle fall forsnøgd.
I Torquay
blir eg innkvartert hos ei dame som heiter Alexis.
Som alle andre gode åttitalsfolk har eg sett mykje på Dynastiet, som inneheld både sex og drikking, og då vertinna mi
liknar på den mørke, utspekulerte såpeheksa Alexis, blir
eg uroleg, men mi Alexis har ein toåring med
knallraudt hår, og han kallar meg mamma, og det er bra, sjølv om han heiter Damien – det same som hovudpersonen i grøssar nummer ein,
to og tre: Omen I, II og III. Dessutan får eg vite at eg skal dele rom med to
trønderbertar, og då treng eg knapt å snakke engelsk, i tillegg til at eg
straks har to veninner eg straks kan gå på diskotek med for å treffe dei andre
30 000 europeiske ungdommane som har fått språkreise i konfirmasjonsgåve.
Torquay – The English Riviera – viser seg å vere ekstra
full av italienarar og andre kjekkasar, i tillegg til strender, og eg tuperer
håret som aldri før, spesielt om morgonen, for ein av medelevane mine har mykje hår, og han er eg forelska i,
sjølv om han berre er rogalending. I tillegg er eg forelska i ein av dei eksotiske
kursleiarane, som ikkje går ut av grøfta for å kjøpe vodka til oss eller drikke
ein liter øl med oss på rommet den helga vi er i London. (I fotoalbumet mitt
har eg skrive ”vår kjempegreie, nydelege, snille, søte lærar KEITH”, men i
ettertid ser eg at han sannsynlegvis var homofil.) I London, der vi stort sett
er på Madame Tussauds og møter Michael Jackson, slår
ein av medelevane mine ut framtennene då han ramlar ned ei trapp fordi han er
overstadig rusa, men eg klarer meg fint i trafikken og får lirt ut av meg ein
og annan engelsk frase i ein og annan butikk.
Klaus, rogalendingen, er interessert i ei
krøllete jente frå hovudstaden, og eg endar heller opp med å kline med ein del
italienarar som eg ikkje kjenner. Italienarane og andre middelhavsgudar
har lært at norske jenter er like billege som det vi synest vodkaen er. Ikkje
at eg kjøper vodka, for eg er ganske
flatbrysta, men Anna frå Troms, til dømes, er høg og tøff og blond nok til å
kjøpe sprit og juice på butikken. Kveldane går med til å drikke vodka i parken
og gå på strandfest eller diskotek, men ikkje før vi er ferdige med
jazzballetten, der eg sit i spagaten og kaklar med femten andre norske jenter. Vi
erfarer fort at det er bra å drikke alkohol, for då snakkar vi engelsk som
aldri før. Ja, kursleiarane skryt av kor god eg er i engelsk om nettene – dei forstår
ikkje kvifor eg ikkje snakkar meir engelsk på skulen.
Det
engelske språket veks inni meg, om
ikkje anna, og språkreisa er lærerik på mange fleire område: Chipsen som Alexis alltid legg i matboksen
min og som eg trur er forgifta eller utgått på dato med fem år, viser seg å
innehalde eddik – vinegar.
Den engelske vaniljesausen er varm og brukast på kake, mange damer lir av PMS, ein bør ikkje drikke ei halv flaske vodka og ein bør
ikkje trille ned bakkar i ei handlevogn midt på natta, for då blir ein køyrt
heim av politiet – viss ein då hugsar kor ein bur. Noko anna eg lærer, er at
England kan vere varmt som Syden, men eg lærer og å ta solarium, for ein kan
aldri bli brun nok, og ein kan heller aldri få nok tatoveringar. Ja, eg har
opplevd så mykje gjennom ”STS framgangsrike
konsept opp gjenom årene” – nei, det var ikkje eg som
skreiv feil der – at eg har lyst på ein tur til, og i tillegg vil eg gjerne
sende foreldra mine nedover. Men no er vi for gamle og trege for både STS og for EF sine språkreiser: ”Kjempe spennende! Sammen med andre
norske elever på din alder og norske EF ledere
opplever du en sommer du sent vil glemme!”
Det er ikkje anna å gjere enn vente: Er det ikkje
snart marknad for språkreisereunions, der eg kan vere deltakar og leiar?