Empiri på pukkel
Jo eldre
vi blir, jo meir prisar vi helsa. Så lenge helsa held, skal vi ikkje klage. Men
vi klagar, og mest på ryggen. Finst det eit norsk vakse menneske som ikkje slit
med ryggen? Det gjeld å halde motet oppe og den heilt sentrale ryggen ved like.
Blant anna må vi drikke nok. Det er vitskapeleg bevist at vatn er bra for kroppen/ryggen.
Vi skulle ha vore kamel og hatt evna til å lagre vatn i ryggen. Heller pukkel
enn prolaps, spør du meg. Og spør du visse andre, får du treffande nok vite at
kamelriding er ryggmedisin. Minst to akademikarar har sagt at når ryggen har
vore plassert på ein kontorstol i lang tid, bør ein ta ein tur til fjerne strøk,
der dei har varme og – ja – kamelar.
For å forske på feltet og ta vare på ein noko
stiv rygg, reiser eg til Egypt, der eg leiger ein enkelpukkel – ein dromedar – og
ein førar som eg snart innser må vere under tolv år. Vi duvar i veg, og sakte venner
eg meg til at det er langt ned. Eg har lov til å vere nervøs, meiner eg, for eg
er ikkje fødd med pukkel mellom beina. Når kamelen tar til å skape seg og
sparke og kaste på hovudet, må eg kvine, og eg trur eg får ilt i ryggen, til det går opp for meg at det eg
kjenner, er suget i magen. Ja, magekjensla ligg like ved ryggen, og vi kan snakke
om samarbeid og ein viktig vekselverknad: Når eldre folk står over luftige
sprell, skuldar dei på ryggen, men det som plagar dei, er suget i magen!
– Eureka! ropar eg, og kamelen får blod på
tann.
Føraren må hoppe ned og leie dyret, og eg
klamrar meg fast i pukkelen, til kamelen blir så lei av å prøve å bli kvitt meg
at føraren kan komme opp igjen. Eg skimtar pyramidemålet vårt, viss det ikkje
er luftspegling, og kjenner at eg er fin i ryggen. På den andre sida er kamelen
no engasjert i ein gå-sakte-aksjon, og eg innser at turen ikkje tar tre timar,
men ti, og at eg kjem til å krepere av uttørring. Difor blir eg letta når politiet brått kjem ridande til hest.
Men i eit kaos av dyre- og mannevrinsk blir eg
beordra ned, og eg deisar i sandbakken medan gutungen galopperer av garde: Han
har ikkje kamelførarløyve. Ikkje noko
problem, seier politiet og gir meg politihestetransport vidare, til dei blir så
korrupte at eg hoppar ned, snur den etter kvart såre ryggen til og snublar mot
sivilisasjonen i det fjerne, der eg får haik til ein beduinlandsby der eg blir
steina.
Så langt
kan vi slå fast at det er usikkert om kamelturar er oppbyggande for ryggen, men
sikkert at kamelturar er oppbyggande for motet og magekjensla. Og for å forske
vidare, tar eg med meg min kontorplaga rygg til India, der eg finn ein erfaren førar
og ein erfaren dromedar som kan ha meg på ryggen i fem dagar. Vi rir i time
etter time, og det går betre og betre med både ryggen og magekjensla. Samtidig
blir det meir og meir trøyttande å måtte tilbringe dei tre heitaste timane på
dagen under eit tre. Tunga heng, og eg prøvar å formulere hypotesar og nyte heitt
vatn, men den fjerde dagen kjedar eg meg i så stor grad at drar meg ut av
skuggen og opp på ein søt liten vill kamel: Det er på tide å ri utan sal, sjølv
i femti grader. Vrooom – der dinglar eg etter kamelnakkehåra, og
eg heng på til eg blir rista av nærmare grensa til Pakistan. Ryggen hyler, men
magekjensla og hovudet seier at eg framleis ikkje har empirisk belegg for å
seie at kamelriding ikkje er bra for ryggen.
Framleis
viss på at funnet av ein positiv samanheng mellom rygg, magesug
og kamelriding kan bidra til å utslette ein god del helseplager, reiser eg på ein
rimelegare studietur til Tunisia, der eg straks får tilbod om å leige pukkel og
forsere Sahara. Snart duvar eg i veg, denne gongen midt i ei rekke turistfylte
kamelar. Eit par andre kjerringar kvin, og sjølv eg – no erfaren – synest det
er langt ned, og av og til går det i raskaste laget. Men ryggen, som har vore
skral i det siste, jublar. Då vi stoppar for å drikke, får vi møte ein
babykamel som drikk brus frå alle flaskene han kan snappe ut av hendene på oss,
før vi stiller oss i kø og lar ein annan kamel få snappe ein kaktusbit ut av kjeften på oss, og eg ler, lukkeleg varm, ryggfrisk
og nykyssa. Endeleg kan eg hevde at kamelar er
bra for ryggen. Teorien er støtta av empiri og eg skal ri på pukkel til eg blir
hundre.
Tilbake på hotellet feirar eg med iskald
pilsvæske og ein bassengdukkert. Eg er eit geni, tenker eg, og folk ser det. Folk
ser på meg. Ja, spesielt idet eg stig opp av bassenget og ruslar tilbake til
liggestolen, ser dei andre hotellgjestane på meg. Ein skulle tru det var noko
rart med meg, seier magekjensla. Eg ser meg rundt, eg ser på meg sjølv, eg tar
eit par store slurkar livsviktig pils og kjenner etter, og eg blir svimmel: Eg
har fått pukkelrygg.
Eg lener meg tilbake, så godt eg kan, men eg
tar ikkje til tårene. Får ein ikkje såpass godt betalt for viktige vitskapelege
funn at ein aldri meir treng å sitje på kontor og jobbe ryggen av seg?