

...etter bar bakke
Motorsykkelkøyring
er ein form for meditasjon som kanskje ikkje kler vårt land av sjeldan bare
vegar. Men når lyset kjem snikande, snøen trekk seg tilbake, asfalten blottar
seg og skifolket sig saman, vaknar motorsykkelfolket. I fire månader kan ein flyge
over fjellet og suge i seg angen av gras, skog, møkk og eksos. Då slepp stresset
taket. Synd er det at det kostar skit å ha ein motorsykkel ståande ubrukt halve
året. Men så kan ein velje å vere sykkellaus og heller bruke nokre tusen på å
leige ein årleg dose. Sjølv slår eg tre fluer i eitt visir, og då er ikkje 4000
rare kronebunken for ei langhelg: Eg får meditert, eg får rast ifrå meg og eg
får tatt ein tur over fjellet og heim til mitt kjære vestland.
Det finst ikkje mange utleigesyklar i
hovudstaden og omegn, og Harley Davidson og faRtsmaskiner dominerer, men i Skotterud
finst det visst ein Yamaha Diversion – der får ein lene seg fram utan å blåse
av. Ja då. Julisola brenn og eg bestiller maskina. Men kor er Skotterud? spør eg på telefonen. På grensa til Sverige, får eg
vite. Då tar eg toget, seier eg. Karen flirer: Skotterud har ikkje rare
kollektivtrafikken. Men eg kan få levert sykkelen i Kongsvinger. Det kostar litt
ekstra, men kva gjer ein ikkje når ein er vårkåt?
Underet skjer: Dagen før hentekveld opnar
himmelen slusene. Langtidsvarsla melder kuling og torevêr heile helga, i aust
som i vest. Men eg bannar på at meteorologane tar feil. Det høljar ned når eg
går på toget til Kongsvinger, men vel framme er det opplett, og eg er mo i knea
då eg får servert min Yamaha frå ein hengar. Fomlande raggar eg rundt for å bli
kjent med muskelbunten, bremsene, giret og dekka, og eg blir våt på vegen tilbake til Oslo, men eg trallar og ler og går
tidleg til sengs, for når morgonen kjem, skal eg suse mot vest.
Har det nokon gong regna så vått? Først i titida
kjem det eit tørt minutt, og eg legg ut på trikkeskinnene. Det blei nokre turar
i trappene før eg fekk med meg alt, blant anna hjelmen, og eg er lett stressa
og sveitt i ullundertyet og dei tunge motorsykkelkleda. Visiret doggar, bremsa
er stram, vegen er glatt, bilane er skumle og det er så eg håpar at det er kaldt på fjellet. Sollihøgda har ekstra glatte
svingar, seier skilta, og eg held
Noko
solbrent registrerer eg at det opplett, og eg hiv meg mot fjellet. Eg bør
kanskje fylle, men eg plar fylle i
Lærdal, og denne bensintanken er ikkje mindre enn dei eg tidlegare har hatt
mellom beina. Det er ikkje langt til Hemsedal, smiler eg og klappar sykkelen på
tanken. Er det provoserande? To mil etter Gol begynner sykkelen å hakke og putre.
Eg sig ned i 50 og 20, og snart står eg i vegkanten, og regnet tar meg igjen.
Eg vrir reservetankknappen rundt, bannar stygt og tiggande og etter ti minutt er eg på vegen igjen. Men eg mediterer
ikkje; eg ber, og kvifor må eg vente på grønt vegarbeidslys akkurat no? Idet eg
ser kyrkja i Hemsedal, er eg bensintom.
I pøsregn og ullunderty går eg til bensinstasjonen, der eg styrtar ein brus og
to espresso og får fylt ei bensinkanne
Vestfjellsida er i alle fall knusktørr. Eg
dansar av garde utan bot og snirklar meg ned mot Sogn. Himmelen er heilt blå,
og har det nokon gong vore så heitt på vestlandet? På ferjekaia kler eg av meg det
meste, men sjølv i ferjevinden sveittar eg som ein fotballspelar i aksjon. Eg
tøyer og ristar laus, for eg er stiv i skuldrene og armane, og eg har hatt krampe i hofta to gonger.
Turistane glor og eg kjenner meg ganske tøff. Då ferja legg til, sit eg påkledd
og klar for å køyre forbi bilar som kjem av før meg, men ferjemannen må vere
sommarvikar: Det tar tid å legge til;
no veit eg korleis det er å vere hund i solsteikt bil.
Først etter Sogndal ristar eg av meg ei pressberte
frå ferja, berre for å nestenkrasje i ein gjeng kyr som trur dei eig vegen.
Fjærland er fagert og tunnelane er suggerande avkjølande, men dei tre korte
tunnelane ved Kjøsnesfjorden, der det heldigvis ikkje går ras om sommaren, er
okkupert av eit hundretals geiter som ser dumt på meg. Eg snirklar meg fram og
kallar eit par geiter idiotar mens eg sparkar dei i ræva. Fingertuppane er
valne og det er freistande å legge seg ned og slappa av ilag med geitene. Men
ute er lufta så frisk at eg nesten ikkje får puste, og Jølster og Sunnfjord er
svimlande vakre. Hjartet bankar merkeleg vilt for heimplassen min: Eg glir inn
i Førde, ikkje heilt fartsblind, og tar
ei stripe før eg brummar opp framfor barndomsheimen, der eg vrenger av meg,
vaskar sveitten av skrotten og sig ned på verandagolvet, relativt
ferdigmeditert og susen i skolten.
Kva kostar det eigentleg å få sendt ein
motorsykkel austover med fly?