Til Bulandet for å gjere seg lakabollje
Bulandet,
det vestlegaste aktive fiskerisamfunnet i landet, er flott, og då eg framleis
ikkje har sett øyriket med 365 øyer og venezisk mange bruer, innser eg brått at
eg må skunde meg vekk frå hovudstaden og ut i havgapet. Havlufta er
inspirerande, seier alle intellektuelle, og eg treng å skrive nokre sider
skjønn litteratur i ro på eit fiskeskjær i fred frå folk. Ja, 260 fastbuande
lagar lite ståk, og dei er visst svært trivelege. Dei syklar rundt i kjeledress
– det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede – og helser hjarteleg. Og så
lenge paradiset er vanskeleg tilgjengeleg, held dei på dialekten og alt som var
betre før. Derfor tar eg nattbuss til vestlandet og far min sin gamle bil.
”Batteriet
er dårleg; hugs lysa,” ropar far min etter meg, og det gjer meg så stressa at
eg bulkar bilen i parkeringshuset under kjøpesenteret, der eg raskar med meg vin,
kvitlauk, brie og andre urbanitetar, i fall dei ikkje har anna enn potet og
brunost på havgapbutikken. Eg sukkar og sjekkar ferjetidene medan eg manøvrerer
meg framover dei smale landevegane mot ferjeleiet. Det regnar og blæs så eg
knapt ser møteskilta, men då slepp eg å turistkonkurranse. Når eg tenkjer på
det, bør eg bestille ei rorbu.
Ferjeleiet har ei kro der eg får lefse og
telefonnummer, og eg ringer og får ei bu. ”Nøkkelen står i døra, så det er
berre å ta seg til rette,” seier dama etter at eg har pruta heftig. Vi får sjå,
seier ho og forklarer meg vegen. ”Det er ikkje abakele,” seier ho, og det forstår eg ikkje, men eg gler meg, om så
bua er utan do. Men då eg vrir om bilnøkkelen for å køyre fram til kaia, slår
det meg at eg ikkje slo av lysa, og eg ser meg rundt, ser ein verkstad og skrik
hjelpetrengande. To karar sleper bilen i gang, og når ferja går, er eg på, og
motoren får stå og gå i den timen overfarten tar. Eg er våt til skinnet og
snart inspirert.
Øyene har
smalare vegar og brattare bruer. Vinden riv i bilen og eg har saltsmak i
kjeften. Eg geispar, men når eg finn den vesle bua, skal eg slå på den vesle
datamaskina og skrive så det sprutar i bytes. Då eg finn bua, slår det meg at eg er ei slorve som pruta, for bua er… Slorve? spør eg. Eg må vere sliten når
eg brukar ord eg aldri har høyrt. Badet er stort, blått og golvheitt og eg tar
ein dusj før eg ser på detaljane i palasset: Leideren som fører til hemsen er
frå ei skøyte og stovebordet er ei lasteromsluke. Bjelkar, karmar og
kjøkenbenkeplater er av rekved, gardinene er garn og fjølene i kjøkenbenken har
påskrifta ASSOCIATED FISHERIES og NORGES MAKRELLAG.
Stearinlyshaldarane er laga av skjel og kjetting, og nattbord og småbord er laksenotkaggar.
Skåpdørene er styrehus- og lugardører, og over bjelkane ligg ei fiskekiste.
Utanfor har eg bølgjeskvulp, hav og himmel. Det er så eg blir malesjusk. Malesjusk? Det er best eg tar kvelden.
Inspirasjonen
kjem; tastaturet får seg ein god omgong i eit par døger før eg går til butikken.
Ja, eg kjenner meg selskapssjuk, for så langt har eg berre prata med
rorbueigaren, og henne forsto eg ikkje, for ho sa ansame, sjetdreve, gjese, kvetel, grapsen og voksakle, og eg trur ho hadde det travelt, og bua er ikkje
trekkfull, men det ligg nokre ullteppe i skåpa, og elles er sjøen uroleg, og
treng eg regnklede, skal eg seie ifrå. Framandord surrar i hovudet der eg supar
sjøluft på bru etter bru, og det slår meg at eg bablar for meg sjølv. Når eg
entrar butikken, skjelv eg, og eg ser straks at dei har femten sortar pils og
kvitlauk til kvar mann. ”De bur i eit paradis,” seier eg til det første
mennesket eg ser. ”Vi bur no her,” mumlar ho. ”Litt
av ei toreskrelje,” legg ho til, og eg nikkar. To karar står og pratar framfor
brøda, og eg vil melde meg inn, men dei seier dimmesjong, fjordabrand og damstilla, og eg kjenner meg… maroder?
Eg spør kassadama kva maroder tyder.
”Du er sliten,” seier ho. ”Du er vel ein piselest,” ler ho, og eg forstår
heller ikkje dei som drikk kaffi i kafeen. Piselest?
spør eg. ”Pyse,” seier ei alvorleg dame. Uroleg skundar eg meg tilbake til bua,
der eg skriv til verten kjem nedom med fleire handklede. ”Ser eg ut som ein
piselest?” spør eg, og ho ler og seier at ho har høyrt at eg er ein god eitel.
”Er du kanskje slakk i bola, eller kva?” spør ho, og hjelpe meg: Eg skriv
vidare, men på skjermen ser eg ord eg aldri har sett, som snepe og stane, akkedere og annamme. ”Han va baskjen øve fjoren i dag,” skriv eg om vêret. Eg løftar
på vinkartongen. Har eg bemla for mykje vin, sidan eg er slik ei fån og ein
lakabollje?
Etter fem
netter har eg skrive så mykje sprøyt at eg pakkar saman. Sjølvsagt slo eg av lysa
då eg parkerte bilen, men han vil ikkje starte likevel. Ut av meg kjem det ei
bannlysing eg ikkje forstår noko av. Ja, eg blir butt
og balstyrig. Eg ringer far min for å syte. ”Eg sa at batteriet er matt,” seier han. ”Batteriet matt?” spør eg.
”Batteriet forstår eg ikkje,” seier eg. ”Har du fått fugleinfluensa, eller kva?”
kjeftar han. ”Fogleflonse?” stotrar eg, og sidan har eg stotra og stressa som
ein gap. Har www.bulandet-grendalag.org
monopol på dialektoppretting, eller kva?