Kunst og bedrag

Kunst og bedrag

 

Reiser ein til London, må ein tilbringe ein kvart dag på Saachi Gallery. Ja, ein det, viss ein er interessert i kunst eller interessert i å bli inspirert av kunst, og det bør ein vere. Og det er ikkje lett å lure seg forbi galleriet som ligg og skrik ved sidan av milleniumshjulet: Når eg oppdagar at eg må stå i kø i ein time for å få sjå byen frå lufta, tar eg med eitt stilling til Saachi sine innkastarar, som hevdar at kunst er kulare enn utsikt, og i alle fall når det regnar, og eg kan ikkje velje å heller setje meg på ein pub – kunst er viktigare enn pils og frityr.

 

Inne i den gamle rådhushallen er dei overraskande klassiske veggane springbrett for samtidskunstnarar som har gjort noko stort som folk endeleg kan få auga opp for. Det seier i alle fall den velutrusta kunstsamlaren og suksessfulle kunsthandlaren Charles Saachi sjølv, og kor hadde Damien Hirst og dei formaldehydsylta kyrne hans vore utan Saachi? Dei hadde til dømes ikkje nådd Astrup Fernley, og kva skulle oslofolk ha sett på då, ved sidan av Tidemann, Vigeland og eit og anna sprettent sprell frå Mathias Faldbakken? Eg strenar forbi eit par keisame måleri og finn Hirst. Haien ler og lammet brekar nesten i sitt grønblanke akvarium av ei grav, og ved sidan av meg seier ein punkar at han skulle ønske Hirst – kunstens Johnny Rotten – ville stille ut ei bestemor eller liknande. Det er meir inspirerande med menneske, seier han, og eg nikkar og går for å finne den uoppreidde senga til Tracey Emin.

 

Kor mange har lagt med Emin i kor mange netter i dei gulbrune sengekleda? må ein spørje, for det er autentisk! Den skitne trusene er Tracey sine, og kondomane på golvet har vore inni Tracey, diverse elskarar. Pilleeskene, sigarettsneipane, flaskene, det skitne dasspapiret og heile ruklet tilhøyrer Tracey. Og kor er Tracey no? Og korleis har ho brukt dei nesten to millionar kronene Saachi betalte for senga? Eg veit berre at ho har kjøpt seg helseforsikring, for av og til blir ho uendeleg sliten, og så har ho ein verkeleg fælsleg herpes, seier ho. Eg minnast ein gong eg hadde sjansen til å kike inn i eit telt der ho hadde skrive namnet på alle ho har hatt sex med, men eg kika ikkje, og no angrar eg. Men eg skal skrive namnet på alle eg har hatt sex med i mitt eige telt, planlegg eg, og eg ser for meg Charles Saachi, i senga si med kjærasten sin, Nigella Lawson, og han kviskrar: ”Viss du studerer eit stort kunstverk, anar du at kunstnaren er eit slags geni. Og genia er ikkje som deg og meg. Så ikkje la oss snakke om temperamentsfulle, sjølvoppslukte og vrange ungar. Kunstnarane har valt den tøffast moglege yrket – ein må vere smågalen for å ta ein slik jobb. Eg elskar dei.”

 

Vi har alle behov for å bli elska, og eg vil gjerne bli elska av Saachi, så eg ser for meg neste haustutstilling, der eg skal henge – mitt namn, jomfruverk, gjennombrotsverk! Eg studerer hovudet til Mark Quinn, det vil seie ein kopi av hovudet, støypt i hans eige blod, og eg ser at kunst er lett! Eg vil aldri klare å måle meg mot Ron Mueck, som lagar skulpturar som er så naturtru at ein røre ved hud, lepper eller skjegg, for så å oppdage at det er silikon og fiberglas. (Faren til Mueck ligg der og, stakkar, liten og bleik.) Nei, det er lettare og betre å etterlikne Chris Ofili, som brukar elefantskit i bileta sine. ”Skit seier så mykje,“ hevdar Ofili, og eg tar med meg mine ferske, skitne fantasiar til Richard Wilson sitt oljerom: Eg går ut på ein pir – i ein pir – midt i ei flate av svart, blank refleksjon, og eg ser og ser på ei open dør og blir susete og skundar meg ut att. Saachi seier at ingenting er så spanande som britisk kunst, og inspirasjonen stig i meg: Eg skal bli norsk, stor kunstnar.

 

Mannekengane til brørne Jake og Dinos Chapman gjer meg sint, og det er eit godt teikn – kunstnarar vekker kjensler fordi dei er kjenslevare. Dei livfulle dokkene er pynta med kjønnsorgan, og eg ser at mannfolk like gjerne kunne hatt penisen der nasen står. Det ser naturleg ut, og dette kunne eg ikkje ha klart. Sarah Lucas lagar derimot figurar av sigarettsneipar, i tillegg til egg og toalett. ”Dassar er eigentleg heltar,” har ho sagt, og eg nikkar, letta. Alt er lov! I ein korridor ligg ein sovepose full av menneske, og eg stirar på dette  kunstverket av Gavin Turk. Ein skal ikkje ta på kunsten, nei, nei, men soveposen er knallhard! Eg sukkar imponert. Turk har vurdert å bli Hare Krishna, han har forma seg sjølv som Sid Vicious i voks, han har prøvd å vere Che Guevara, og eg skulle helst hatt eit år i kroppen til Yoko Ono. Alt er mogleg, seier eg og går ut på promenaden, der eg ser alt frå arkitektur til hundedrit i eit nytt lys. Blant anna tar eg fjorten bilete av ein bøling flasker, ballar og anna skrot som ligg og snurrar i ein virvelstraum i elva, og eg er så kunstnarisk at eg framskundar heimreisa for å kome i gang med… Tja. Bra blir det, i alle fall.

 

No klattar og klissar eg litt med akvarell og aspiks. Eit sjølvportrett, kanskje. Avansert, men kjapt. Er det ikkje så at haustutstillinga har søknadsfrist i desse dagar?

 

Tilbake til utgangspunktet