Julebrun
Simon og
andre naboar er misunnelege når vi rømmer frå den dystre haustgryta. Med to
ungar og ein stor mage, velgjer vi ei pakkeløysing: Thailand er trygt og heitt,
spekka av utflukter og basseng med sklier, fossar, klatrevegg og trim, pluss Super-Kids-klubb til niåringen, som slik vil la oss vaksne
få fred.
Det er langt til Thailand, men eg
trøystar gutungen og min to meter lange mann med at komforten er bra, filmane
gode og natta mørk. Men etter at vi har ete, stått i dokø
og så vidt sovna til ein dårleg komedie, mellomlandar vi i ein arabisk emirat. Sidan
vi flyr mange timar fram i tid, står sola brått opp, og tilbake i flyet får vi frukost,
før vi står i dokø. Idet vi sovnar, er vi framme, og
det er kveld. Eittåringen er i alle fall i full vigør, og etter å ha ete før
første phad thai, badar vi i mørkret. Vi ler og
kosar oss, men ikkje lenge, for berre eittåringen får sove. Vi har sand i
senga, madrassen er hard, veggane er tynne og luftanlegget gjer rommet kaldt,
men avslått blir det altfor varmt. Når vi endeleg sovnar, vaknar eittåringen. Ho
hyler i tre timar, niåringen græt og vil heim, og slik går dei fem første
nettene. Om dagane er vi så trøytte at vi held oss ved bassenget, der vi vaksne
vekslar på å plaske, dorme og få massasje. Vi blir i alle fall brune.
Uti andre veka søv vi greitt, men eittåringen vaknar
0545, og om kvelden vil ho ikkje
sove, og ho vil heller ikkje ete på restaurant eller sitje i vogna. Det er godt
å vere varm, tenkjer eg, men kanskje det blir godt å kome heim og få litt fri. Gutungen,
som nektar å gjere lekser, skal på skulen, og jentungen, som brått spyttar ut
all mat, kan leverast til ein barnevakt. Mot slutten går det i
sjokoladepannekake; ungane får det dei peikar på. Mannen min, som no er ganske
bra i ryggen etter turen nedover, gruar seg til flyreisa. Sjølv prøver eg å
lese ut ei bok, men det er vanskeleg når vi stadig må redde eittåringen – ho
trur ho kan symje og stupe – frå å drukne. Den siste dagen gir vi etter og blir
med niåringen til eit deprimerande zoo, slik at han kan fotograferast i lag med
ein gammal tiger. Det er heitt, og eittåringen
sutrar og skrik. Ho har kanskje solstikk.
På heimreisa er filmane dei same, berre at akkurat
våre skjermar er i ustand, noko som får gutungen til å grine. Eittåringen søv,
men etter mellomlandinga går det mest i vræl. Mannen min verkjer i ryggen og
masar om at vi skal slutte å fly – vi er umoralske og usolidariske miljøsvin. Når
vi landar klokka 0430, eller det som i vårt system er 1100, regnar det. I sandalar
karar vi heim til vår tronge heim, der eittåringen herjar heile dagen, før ho
skrik halve natta, og slik går døgera fram mot jul. Vi vaknar stadig rundt 0400
og brunfargen flassar av i merkeleg kvite flak. Når naboane endeleg får sjå
oss, hugsar dei knapt at vi har vore på ferie. ”Du er ikkje mykje brun,” flirer
Simon. Han ser uforskamma opplagt ut. ”Kom opp og smak på pepperkakene
min,” ber han. Eg går heller og tar ein blund i eit solarium.