Hunden som
tydelegvis heiter Jonny-Rotta, har forferdeleg lyst
til å hoppe opp på Jenny igjen, men guten tviheld i halsbandet, som er fullt av
naglar, og roper: NO MÅ RU SKJERPE
REG, Æ! Og hunden set seg. Guten er ikkje
liten, eigentleg, men tynn. Og sjokoladebrun. Han har tatt av seg hetta, og
håret er svart og rart – det veks berre midt på hovudet, og der står det rett
opp. Jenny kjem på at det heiter hanekam. Dette er ein krusete hanekam. Jenny
har aldri sett så krusete hår. Den svarte buksa er trong, og bakpå hettegenseren
står det THE EXPLOITED inni ein hovudskalle med hanekam. Han snakkar
rart òg.
– Feila reg, æ? seier han, og så ler han.
– Kor gammal er hunden din? kviskrar Jenny.
Folk flest ville kanskje spurt: ”Kva heiter du?” Men ho er ikkje folk
flest, for dei bur i Kina og India. Ho er berre ei jente som skulle ha vore på
butikken og kjøpt nudlar.
– Bry ra reg, æ? svarer han, og så flirer han igjen. – E ru redd
bikkje, elle?
– Litt, svarer
Jenny.
– Jonny-Rotta e gjev, seier han.
– Kva heiter du,
då? spør ho.
– Pil, seier
guten. – Ru rå? spør han etter ein stund.
– Jenny, kviskrar
Jenny. – Eg skal begynne i fjerde.
– Drit vel eg i,
mumlar han. – Ka gjer ru her, forresten? Ha reg heim!
– Men… seier
Jenny.
Brått flirer han.
Jonny-Rotta knurrar.
– Vi må stikke,
ass, seier han, og han plystrar på Jonny-Rotta, som
sprett opp og lograr som om han har sett den vakraste tispeprinsessa i verda, og
med eitt er dei gøymt mellom trea.
Det er heilt,
heilt stille. Myggen surrar, rett nok, men det er ikkje ei kvist å høyre, for
ikkje å snakke om ein fugl som kvitrar eller ein mann som plystrar fordi han er
glad. Jenny blir ståande og tenkje:
·
Kor går
dei?
·
Kor bur
dei?
·
Kor et
dei?
·
Kva et
dei?
·
Kven et
dei?
·
Kven et
kva?
·
Kven er
kva?
·
Kven er
eg?
·
Kor skal
vi?
·
Kor ender
vi?
Slike spørsmål er
eksistensielle. Jenny stiller av og til sånne. Men no har ho ikkje tid til
slikt, for ho høyrer noko. Ho høyrer nokon snakke. Ho høyrer ei høg stemme. Og
det er ikkje guten som roper. Det er ei damestemme. Utan at ho kjenner stemma.
Det er ingen av hennar venninner, og det er ikkje mor hennar. Idet ho ser kven
som snakkar, hukar ho seg ned og kryp baklengs inn i buskaset – ikkje eit sekund
for seint. To politiuniformer vaggar forbi langs stien på andre sida av elva.
Det er rart med det – den smale vaggar like mykje som den breie. Ho held pusten.
Ho må handle, og då snakkar vi ikkje om butikken. I ei glidande spurtande rørsle
ho har sett på filmar ho ikkje burde sjå, smett ho inn mellom trea der
monsterhunden forsvann med den tynne guten. I ei flygande spurtande rørsle fyk
ho oppover stien, oppover åsen, og der ser ho ein svart guterygg under eit halvskalla hovud. Jonny-Rotta ser ho ikkje. Jo, han sit og drit litt lenger
oppe, nokre meter frå stien. Sjølv om ho ikkje ser fjeset på han, ser han flau
ut. Det hadde ho òg vore viss ho sat og bæsja ved ein sti som var trafikkert av
både jenter og gutar.