Fra Hoppe naken

 

No er det annleis; eg drog heim. Heimfylket har tatt imot meg med rehabiliterte armar, og eg har røska vekk duken som dekte meg. Sogn og Fjordane er mitt blod, og no er ikkje fjorden, men havgapet min base, og vi skal bli og livnære oss her ute, i det mest vestlege samfunnet i landet, i eit av dei mest kraftfulle fiskeværa på kysten, i fiskehimmelen, i natursteinperla, i sjølve øyhoppet. Det er så brysthåra formeirar seg ved tanken: Vi har hus og rorbu og plass til mangt og mange. Huset var forlate og stormherja, men no står det steilt i vinden, skinande kvitt og skavankfritt. Eg fekk det for sparepengar, og no har vi tre hundre og femti intime, maritime kvadratmeter, rorbua inkludert. Rorbua måtte eg så å seie nybygge, og eg fekk høyre at det var meiningslaust. Enkelte gamlingar bad meg la rorbua forfalle. Eit par av dei var surare enn eg fortener. Det har aldri vore meininga at det skulle bu folk i bua, seier dei, medan eg har takka for tipsa og sagt at alt kan reddast; alt fortener liv. Det er ei av dei største buene på øyene, og eg likar utfordringar. Eg tok kontakt med ein vidaregåande skule og fekk nokre byggfagelevar til å komme ut og hjelpe meg. Dei fekk enkel standard og god utdanning – eit vellukka prosjekt, sa læraren, og sju ”krevjande” elevar brukte tre veker på å hjelpe til med å pusse opp rom for rom, klassisk, enkelt. Vi har blåfargar, amatørkunst, sjarkskrot, rorbuknoklar og fine falskfiskar. Vi kjøpte eit dødsbu, jau, men atmosfæren er livskraftig. Måkene mæl, og når sola står opp, no i jula halv elleve, nyt eg den gylne klisjeen. Rasar regnet, kryp væta inn i meg, og alt tørt blir olja og balsamert. Dei lokale seier at det finst ikkje dårleg vêr, men berre dårlege klede. Dei fleste seier ikkje meir enn det. Dei er visst skeptiske. Dei har ikkje tatt i mot oss med opne stemmeband, for å seie det slik, men det kjem seg. Då vi var eit godt bustadstykke på veg, i oktober, hengde vi opp ein plakat på butikken og inviterte dei fire hundre innbyggjarane på fest, og ein sjettedel av dei kom. Dei fekk smake heimebrygga øl, dundergløgg og bra kaffi, og det blei nikka triveleg, og neste dag visste alle som ikkje kom, meir om oss enn dei som var her. Dei fekk sjå at vi ikkje har vore på IKEA og ikkje kasta brukande rekved, og no veit dei at vi har lært at det finst ikkje dårleg vêr, men berre dårlege klede. Dei bør etter kvart vite at vi ikkje er kaksar eller knaktenkjarar tatt av ta-livet-med-ro-, stress-ned-, kom-deg-ut-av-tidsklemma- eller bli-lukkeleg-pandemien. Vi er heller vanlege rurale fredssøkjande naut. Nokre karar korsong ei ille tilreidd vise, sikkert fin ein gong, og ein åttifireåring som gav meg livshistoria si på tjue minutt, spurte kva Sunniva gjer i lag med meg – ein fleinskalla sogning med for trong trøye.

– Ho er ei porselensprinsesse, medan du… Ja, men huset er rett nok blitt fint, nikka han. – Du har jobba bra som har reparert skiten på fire månader…

– Eg er ikkje fødd bak ein staur, gliste eg, og musklane svulma, seier ordtaket.

Først renoverte eg ei leilegheit i hovudstaden, berre for å få ro til å tenkje, selje kjapt og innkassere ein umoralsk god gevinst, og i sommar tok eg tak i gamlehuset til farfar oppe ved Dalavatnet. Han bur på gamleheimen inni Gaupne, og eg henta han for å vise kva eg hadde gjort og tenkt å gjere, og skoddehauken fekk seg ein kaffi på trappa, gjekk gjennom skuffer og skåp etter utgåtte kveitekavringar, pissa og dreit i ei busk, og det var det, og eg innsåg at eg ikkje skulle vere redd for å rive ein vegg og utvide både bad og kjøken og stove, om eg ville, så eg tok eit tak til, og no har eg mindre feitt og meir kraft enn eg har hatt sidan eg var tjue. Sunniva har sagt det: Eg ser bra ut. Eg er mann, seier ho. Ho elskar meg.

– Du er visst viking, mumla kallen.

– Kall meg kva du vil, lo eg, sjølv om eg ikkje har plyndra anna enn rekved.

– Men rorbua skulle du latt stå. Rorbua står ikkje til liv, sa han og rista på hovudet, og alvoret uroa meg. – Då hjelper det ikkje å vere bra arbeidskar, slik eg var. Ja. Eg jobba inne på teglverket i førtito år. Ja. Eg gjekk for å vere den beste, sterkaste av dei alle. Ja, det var eit strev. Dei kunne lite på meg. Eg stilte kvar måndag, seinast åtte. Eg var aldri sjuk. JA. Det ville ha meg i brenninga, men det må eg seie at eg ville ikkje risikere livet ytterlegare, nei, så då sa eg nei, altså…

– Og så brann teglverket ned, trøysta eg, for alle teglverk brenn, og han kava seg opp, men blei overkøyrt av den vestlegaste kiropraktoren i landet, som spurte kva vi skal gjere.

Enkelte frykta at vi skal tilby overnatting, vi òg, og dei har lov til å vere nervøse.

– Ikkje ver redd, sa eg. – Vi skal ikkje snappe turistar, men verksemder på villspor: toppleiarar som har overgått seg sjølv i å nå toppen, mellomleiarar som ligg og vrir seg i trampesmerter midt i trappa og medarbeidarar som kravlar rundt på dei nedste steg.

– Send dei til meg òg, nikka kiropraktoren. – La dei ramle i fjæra og forstå at dei har fått datanakke, eller stupe frå ei bru og skade ryggen. Berre litt, altså. Eg er ingen satanist.

– Send dei til meg òg, for eg skamklipper med glede blæringstoppar, sa den vestlegaste frisøren i landet, og kiropraktoren bøygde ryggen i latter. – Dei skal få seg ein gladsveis dei aldri har sett i magasina sine.

– Ikkje noko problemo; kaksane skal komme trampande inn og rusle roleg ut, flirte eg, glad for at vi lo i lag og at dei dermed såg på meg som ein av dei.

 

Og jaggu sa eg feitt: Allereie i november, etter to veker med byråkratiet hengande i buksekanten og ei på grensa til sinnssjukehusleg papirblafring, fekk vi nokre fylkessentrumsbankfolk på besøk. Dei hadde latterkurs og fyllefest, og innimellom snakka dei om korleis dei skulle profittere meir på sunnfjordingar som trur at bankane gir dei tryggleik, pengar og pils. Sunniva og eg fekk god trening i å innsjå at vi måtte tilsetje einkvan som kunne stelle i stand frukost og skjenke vin, og vi smugkika på bankfolka som hoppa og klappa, krabba rundt og rauta, skreik og lo, nokre naturleg, andre falskt og for jævlig. Kursleiaren, ein tidlegare radioklovn som no reiser rundt og ler seg skakk, og det er ikkje rart, alt det ho får sjå, overbeviste om at latter fungerer betre enn tarmskyljing og kjærleiksterapi, og eg måtte snu meg vekk. Det er ikkje meg å gå på sirkus der dyr er involverte, for å seie det slik. Ei av dei banktilsette kom krypande inn på kjøkenet, og sjølv om ho lo hosterisk, og eg trur latteren kom frå magen, klarte ho ikkje å skjule at ho tok slurkar frå ei flat lerke som ho hadde lurt inn under skjørtet og strømpebuksa. Litt seinare tok eg ein kar på fersken i snike rundt på loftet, i vårt rom inkludert, noko som sa meg at vi pina meg må låse døra når vi har gjestar – i vår heim.

– Kva kavar du med? bjeffa eg, og eg gjekk heilt bort til han og let han sjå at eg var litt høgare enn han. – Er det meg du leitar etter?

Æ, sa han. – Ø… Eg gjekk meg visst vill.

– Jau, det er godt eg er her, då, for har du sagt æ og ø, så seier eg Å, då får eg føre deg tilbake til sjefen, sa eg, og så tok eg han i armen og halte han med meg ned til dei lattergrove.

Banksjefen sto og gapa og lo, midt i ei rekkje av andre gapande, og eg vinka på han og sa at det var best han tok ansvar for sine underlattersåttar, for eg likte ikkje tanken på at folk gjekk og snoka i andre sine rom og saker. Sjefen måpa og tok med seg undersåtten inn i lenestolrommet ved sidan av, og etter latterkuleseansen kom han inn til meg på kjøkenet og sa at Leif var lei for at han hadde gått og leita etter ein kondom.

– Vi har ein utanomekteskapeleg affære på gong, kviskra han. – Har du ein pakke kondomar på lur? Kanskje du skulle fått installert ein automat? Dei har vel bind og tampongar og, desse automatane, til kvinnene, eller kva?

– Er de rusa på latter? sa eg. – Eller driv de med narkotika?

– Morosamt, sa sjefen, og han skratta, vifta med hendene og forsvann opp trappa, kanskje for å gå på dritaren, då latter smørar tarmane.

Seinare, på slutten av middagen, høyrde eg han tale: ”Humor er nøkkelen til eit godt arbeidsmiljø. I kveld har vi vore siklande kyr med dinglande jur, og eg trur vi no står nærmare kvarandre. I morgon skal vi ta i bruk andre, meir konstruktive metodar. Med fokuserte blikk skal vi sjå framover.” Eg veit då faen kva dei dreiv med heile laurdagen, men dei sat i grupper og noterte og rynka panna, og under middagen, som vi i siste liten fekk ein utdanna kokk og ein assistent til å mekke, blei dei alle fullare enn dei var kvelden før, og sjefen takka vertskapet, det vil seie oss, for eit ”kreativt, fruktbart og lønsamt tilbod, utvikla av lokale eldsjeler med næringsvett og frå no av godt renommé.”

– Vi kjem tilbake, hoia han i mi retning, og medbankarane klappa, kosa seg kraftig med vinen og blei samansveisa i samtale og små dansesteg, før dei slokna.

Nokre slokna ikkje før dei hadde slått underliva saman: Rykta sa at nokon hadde hatt seg nede ved kyrkja på morgonkvisten, og vi fann ei halvfull kondomfille i den eine sovealkoven i rorbua. Derfor omtalar vi framleis bankfolka som sparegrisar. Sunniva stolar ikkje lenger på bankfolk, ho heller. Leif sa at ho var vakker, og han la ei hand på skuldra hennar, og ho likar ikkje å bli rørt av framande, så eg måtte halde meg i nærleiken resten av kvelden og helga, i tilfelle han ville finne på å ta på henne igjen. Han er ein stakkar som trivst her, sa eg, for han sa det: Her skulle han ha budd, snøvla han, og han la armen rundt meg. Her kunne han ha hatt det fint og hatt familie. Her kunne han funne meining og vore meiningsfull – eg skulle berre visst, sa han, og det låg ei lengt i blikket. Jau, det er godt å ha det godt. Det er godt å ha ein far, ei mor, ein bror og meir enn det. Familien min har vore borte for meg i altfor mange år. No er eg tilbake; eg treng dei, og eg vil vise det. Før eg la meg, i vår private residens, som er eit rom på tretti kvadratmeter og eit lite bad, dansa eg over plankane. Sunniva smilte. Lukka for gjennom rommet, frisk og kvit. Vi er i gang, gliste eg. Broderen skal få sjå.

Tilbake til utgangspunktet