Heit – heitare – overoppheta

 

Hovudstadsvinteren kan ta knekken på ein vestlending i eksil. Kuldegradene driv i gatene, inn i huda, og anten vinteren er våt og grå eller knitrande kvit, er han eitrande rå. Det er noko med fjorden, seier dei. Fjordfukta legg seg i kvart fnugg, og før fnugga kjem, ventar fukta i lufta. Takke meg til regnet, seier eg, og oslofolket fnys, men når eg snur ryggen til, bannar dei, for jakka og bilen er nedsnødd, trafikken stampar og vel heime er gangen våt av sko, og så er det jaggu tomt for ved. Bad og kjøken blir renovert og vi bur i bag, og hadde vi hatt færre plikter og fleire kroner, så skulle vi ha stukke sørover, men vi kan berre drøyme. Vilkårleg virrar eg rundt i verdsvevtilbod: sol, sjø, strender og sure prisar, men no finst det lågprisflyselskap, og eg finn at det kostar ei krone å fly frå Oslo Torp til Newcastle tur/retur. Eg sjekkar vêret der borte – ti varme grader – og ber gubben pakke for helga og finne fram passet. Han gliser så breitt at eg nesten blir heit.

 

Det er enkelt: Flyet går laurdag morgon, vi får låne bil der vi bur i bag og vi kan stå opp halv seks og køyre til flydøra. Kløfta-Torp går på to timar. Men fredagen kjem med ei verre snøføyke og istid, og eg tør ikkje anna enn rive mannen min ut av husvarmen, droppe gullrekka, middag og samvær, frigjere bilen for snø og is og ta fatt på ferda. Vi sniglar og sklir forbi stranda bilar og eg stoppar ikkje i snøklokka Oslo, men står i kø forbi Drammen og til Horten, der vi har familie. Vi er framme før midnatt og søv uroleg i eit grueleg kaldt gjesterom, før vi står opp klokka seks, spar fram bilen og finn flyplassen trass i snødekte skilt og innkøyringar. Gubben er litt lei og gjettar at vi skal til Hamburg, Murmansk eller noko anna iskaldt, og eg kjenner at viss englandsvêret slår om, så flyr vi til Thailand. Berre det å gå frå bilen og inn, gjer meg våt på beina og sur inn i margen.

 

Newcastle er vårleg, mannen min smiler og eg kjenner meg straks varmare. Vi finn oss eit oppheta gjestehusrom og går til kunstsenteret Baltic, for gubben blir strålande av kunst. Etter eit par kikk oppdagar vi at Spencer Tunick stiller ut nakenbileta han tok i byen i juli. 1500 kroppar står, går og ligg i gatene. Vi kan ta jakka av, og strikkegenseren går når vi oppdagar at Tunick skal vise video og snakke til folket. Det var jækla kaldt og kjekt å vere naken i fire timar, ler dei som står framfor oss i køa inn til Tunick. Dei peikar på seg sjølv på eit bilete og eg gløymer at heimlandet snør ned. Ute skin sola, og om kvelden kryp gradene rett nok ned mot null, men her er dei ikkje redde for strømrekningar – omnane står på fullt i kvar pub. Slik kan jentene gå i singlet og miniskjørt, og ikkje bryr dei seg med ytterklede heller. Dess meir mørkt øl eg drikk, dess fleire bikinijenter ser eg i gatene. Og sjølv om enkelte skjelv som gelé, haukar eg at nordmenn er pyser, og eg vil strippe, men gubben drar meg med heim til ei seng som er så varm at eg drøymer at eg er ein sveitt isbjørn som har mista all is.

 

Neste morgon reiser vi vidare. Mannen min gliser fordi han tippar at vi skal til Edinburgh, der dei har eit hav av whisky. Toget er himmelheitt, sjøen blenkjer og eg vil flytte til Berwick upon Tweed eller ein annan steinby der livet er herleg. I Edinburgh, der vi finn eit hotellrom som er så varmt at vi må skru av omnen, går vi oss sveitte, og oppe ved slottet smakar vi whisky: Ledaig med torv og røyk, trippeldestillert Auchentoshan, Glenfarclas frå Speyside og ein Laphroaig som duftar av torv, røyk og pipetobakk og smakar av torv, røyk, trevirke, bål og petroleum. Deretter drikk vi Glenmorangie, Scapa, Caol Ila og ein olja Ardbeg med mykje malt, røyk, tjære, bourbon, vanilje, sjokolade, kanel, fenol, jod, torv og heit, heit espresso. Når vi kjem ut, er det litt kjølig i gatene, og vi finn nye barkrakkar og prøvar ein Bruichladdich med så mykje sjøbris og mose at det går rundt for oss, og ein Lagavulin med så mykje våt brygge, vått gras, toast, trevirke og bråtebrann at vi blir overoppheta. Vi må gå tilbake til hotellrommet og ta oss ein lang dukkert i badekaret og kjøle oss ned med kald drykk og nokre avisreportasjar som handlar om kor kaldt det er i Russland og India. Men snart er vi klare for meir brennevin og kanskje ein heit, bakt fisk, og vi går ut med litt for lite klede på. Om natta vaknar eg med sår hals. Rommet er iskaldt, dyna er tynn og eg søv uroleg og drøymer at eg spring naken rundt i snøen og leitar etter kleda mine. Neste dag er det overskya og i gamlelandet har det slutta å snø, men eg frys og sklir og ramlar på ræva, og alt er berre… vinter.

Det er godt det ikkje kostar meir enn sytti kroner å reise til Milano.

Og er det ikkje slik at dess fleire flybillettar vi kjøper, dess fortare blir det så varmt i verda at vi berre kan ligge i ro her heime og… smelte?

Tilbake til utgangspunktet