Dugnaden

Dugnad

Det er dugnad, og sjølv om eg ikkje er riktig frisk, troppar eg opp utanfor blokka til avtalt tid. Eg har ikledd meg ei stygg t-skjorte som reklamerer for den danske kloakkmeisteren Rene Kjerside og ei gamal dongeribukse med hol på knea og ein rosa malingflekk på bakstasen. Eg helsar halvsjenert på dei tolv andre som ventar på ein eller annan sjef som snart viser seg å vere ei pensjonistdame frå Høyanger. Eg trudde vi skulle ha eit lite planleggingsmøte først, men det er visst ikkje naudsynt. Pensjonisten frå Høyanger, knotande som ein draum, fordeler arbeidet, og yngst som eg er, får eg eit monster av ei avbitarsaks og beskjed om å klippe busker. Fire andre skal rake alt rask bort til haugen som aldri blir fjerna fordi han skal rotne av seg sjølv.

Eg klipper og står i som ein typisk norsk helt, og eg og rakarane er samde om at det er godt å vere ute, bruke kroppen, vere nyttig og bli betre kjent. Ruskehaugen blir sakte større og blemmene kjem krypande oppover skrekkfilmsaksa og inn i hendene. Ho som emigrerte frå Sogn passar på at ingen somlar, og eg ryddar og syng gamle norsktoppsongar som eg kjem på etterkvart, til det går hol på ei blemme og eg er så sliten at eg heller blir ståande og prate med ein eldre nabo frå Bømlo som og er sliten. Ho fortel at ho har vore hos legen og fått vite at ho må få ei sprøyte med B12 ein gong i månaden. Og ho blir angstridd av sprøyter! seier ho. Eg viftar kjekt med saksa og anbefaler ein støyt whisky før sprøytestikket. Sidan eg ser at ho ikkje er samd, peikar eg opp mot taket med saksa og fastslår at vi skulle hatt ein takterrase. Det himmelhøge taket står jo berre står der og tviheld på utsikta på egoistisk vis, seier eg, liksom engasjert og så høgt at to av dei andre dugnadsfrikane blir nyfikne og nærmar seg. Det hadde vore berre lekkert, seier den eine, som bur over meg. Men berre styreformannen har nøkkel og ingen får gå opp, seier den andre, ei kjeftesmelle frå Troms*. Så får vi bryte opp døra, skryt eg, og så får vi fatt i nokre benkar og bord og eit plaskebasseng. Ingen treng vite det, kviskrar eg og klipper eit par kvistar, for sjefen frå Sogn ser stygt på oss frå vaktflekken sin. Stygg saks! ropar ein av karane som har fått i oppgåve å hogge eitt tre, men som har fått blod på tann og har halta bort til eit tredje tre like bak oss. Eg svingar med saksa som svar, og det er då dugnaden brått blir kidnappa av lagnaden: Idet eg kjenner at eg treff noko hardt og mjukt med saksa, ser eg treet kome sigande mot oss, og medan eg både slepp saksa og dekkjer hovudet med hendene og kastar meg mot ruskehaugen og ser ho med B12-mangel sige saman, høyrer eg eit brøl frå det som viser seg å vere styreformannen som viser seg å stå på taket av blokka og visstnok sjekke belegget, men som no mistar nøkkelknippet sitt over kanten og ned i den opne kjeften på kjeftesmella frå Troms, nett idet ho ropar at karane skal vel faen ikkje hogge alle trea. Og medan alt er stille og støyande, grev eg meg raskt og diskret ned i ruskehaugen, der eg blir liggande til ambulansen har dratt sin kos og mørkret har senka seg.

 

* For å vere heilt eksakt, vart ho fødd i Vardø, men faren fekk jobb i Tromsø då ho var ti år, og ho budde der, det vil seie like i utkanten av Tromsø, i eit felt enkelte meiner ligg på ”feil side av brua”, til ho var tjuetre og utruleg nok forelska seg i ein kristen ingeniør som meinte at viss dei flytta sørover, ville det gå dei godt i livet.

 

Tilbake til utgangspunktet