Håret på hovudet fortel verda kven du er

L’Oréal – Dalai Lama tur/retur

 

Hår er ikkje viktig. Nokre hevdar at håret fortel verda kven du er: Har du velstelt, vakkert hår, er du vellukka; har du feitt, flokete hår, er du uhygienisk og uinteressert i å klatre i karrierestigar; har du grått hår, er du ærleg; har du farga håret eldraudt, er du ute etter merksemd; får du høge vikar i ung alder, blir du herda; har du mista alt, har du kanskje kreft, stakkar. Men sjå på pavane og Putin. Hår har dei knapt, men viktige er dei.

Eg togar gjennom Russland og blar i eit magasin der 210 modellar viser fram sitt oppsiktsvekkande velstrigla hår, ofte for å reklamere for hårprodukt. Eg blir kanskje litt forvirra. Eg tar meg i alle fall i å tvinne mitt lange, blanke hår, og over ein vodka får eg det for meg at eg vil omforme håret til eit utal slangar. Når eg først sit på ræva på veg mot Mongolia og verken kan eller treng vaske og fjolle meg på fem dagar, kan eg kanskje skaffe meg den rastafarisveisen eg alltid har hatt sansen for. Arbeidet vil og redusere vodkadrikkinga, mumlar eg, og eg får tak i kam, voks og stearin og deler håret inn i emne. 

Eg masar med manken og får sjølvsagt spørsmål om kvifor, og snart kjem ein klok kar for å fortelje om rastafarikulturen. Eg må ha alibiet i orden viss eg skal brife med dreadlocks: Eg må sjå på Etiopias tidlegare keisar Haile Selassie – eller Ras Tafari – som min Gud, og eg må halde meg unna prevensjon, kjøt og rusmiddel, med unntak av marihuana, som er nyttig ved meditasjon. Her sukkar eg letta – noko må eg få skeie ut med når eg diggar Bob Marley.

Vidare får eg vite at eg må lese 19. kapittel i Tredje Mosebok, der det står at ein ikkje skal rundklippe kanten av hovudhåret. På den andre sida spør dei lærde om det var etiopiske krigarar, etiopiske munkar, massaikrigarar, somaliske soldatar, gallafolket, Mau-Mau-folket eller dei indiske heilage sadhus som påverka til fråhald på klipp- og kjemmefronten. I alle fall finst det opp mot 700 000 rastafari i verda, og rørsla blei grunnlagt av jamaicanske Marcus Garvey, som arbeidde for å motarbeide mindreverdskomplekset kolonialismen og slaveriet hadde ført med seg. Garvey sa at ein frelsar skulle oppstå i ein svart konge, og då Ras Tafari blei krona til keisar i 1930, blei Garvey profet, og han skipa Black Star Liner, som skulle føre alle svarte amerikanarar tilbake til Afrika og Zion – eit prosjekt som enda i konkurs, sjukdom og død.

Sjølv blir eg ført inn i Mongolia og Kina, og eg kjenner meg snart ganske sjuk i hovudbotnen. Ein skal stadig tvinne, men ikkje vaske ferske dreads, og eg klør som ein galen. Eg prøver å fokusere på å lære det forenkla rastafarispråket. ”Me no want beer,” seier eg, og det heiter ikkje ”vi”, men ”eg og eg”. Eg prøver og å få tak i ei engelsk utgåve av den heilage rastafariskrifta, Bibelen. Og så mannar eg meg opp, for ein vestleg kvinneleg rastafarikopi blir møtt med fordommar, spesielt i karibiske miljø. Korleis skal eg argumentere for at eg er afrikanar, eg som er kvit og har korrumpert kroppen gjennom å leve feil? Eg stønnar, mest fordi eg klør og ventar på den magiske dagen då hårrøtene og huda er blitt sjølvreinsande. Eg blir heller ikkje heilt van med dei kinesiske peikefingrane – sjå håret, sjå!

 

Vendepunktet kjem på reise oppover Yangtzi. Under eit stopp i fillebyen Yichang, der eg går rundt og flassar og gnissar tenner og tenker på kva for jobbar dreadsa vil hindre meg i å få, står eg brått framfor ein frisørsalong. Skal eg klippe av meg skiten? Nei! Eg går vidare. Det er berre det at eg er i ei frisørsalonggate, og etter å ha passert tretti salongar, sit eg brått i ein frisørstol, der eg mimar at frisøren skal finne fram barbermaskina i ein viss fart.   
            Den eine harde floka etter den andre treff golvet, og eg sip innvendig. Frisøren vaskar håret fem gonger og masserer hovudbotnen vel og lenge. Tilskodartalet stig og eg mimar at eg har ein båt å rekke og at eg raskt vil bli fleinskalla, men frisøren klipper litt her og litt der og nektar å tru meg. Etter tre timar må eg brøyte meg veg gjennom publikum, hive meg inn i ein drosje og kaste meg om bord i båten, der eg blir liggande i ein sovesallugar og lengte etter både håret og ei barbermaskin. Kinesarane ser på karaoke-tv og skrålar, og eg prøvar å rekne ut kor lang tid det vil ta å dyrke nytt hår. Den eine medpassasjeren etter den andre kjem for å kike på meg – turisten med 2-4 skamklipte centimeter høgt hår – og eg går etterkvart ut på dekk for å hoppe på elva. Det er då eg oppdagar den vesle skipsfrisørsalongen, og eg finn meg sjølv på kne, i bøn om barbering.

Frisøren, som finn ein passasjer som kan heile tretti engelske gloser, ferdigstiller mitt skinhead, og eg er gjenfødd. Hår er ikkje viktig. Eg er ein munk, får eg høyre når enkelte medpassasjerar etterkvart vil praktisere engelsk. Eg nikkar nøgd. Eg går i ein sunn sirkel: Som munk gir eg avkall på det verdslige livet, dameblad og hårprodukt. Eg har ikkje meir enn eg treng i sekken, og som tidlegare rastafari er eg allereie både vegetarianar og fordjupa i ettertanke og meditasjon. Og no er eg jaggu meg på veg til Tibet og dei store tempel.

Er det ikkje så at håret veks raskare når ein kjem opp i over 4000 meters høgd?

Tilbake til utgangspunktet