Standpunktet om å ville inngå partnerskap er både praktisk og følelsesmessig
fundert. Praktisk fordi det gir ei lovregulering
med omsyn til arv etc., følelsesmessig fordi vi er glade i kvarandre og vil markere det
med ein seremoni. I tillegg kjem at vi begge meiner at det er ei viktig homopolitisk markering. Overfor familie,
vener, kollegaer og resten av omverda fortel vi at vi er lesbiske og at vi vil ha
kvarandre!
Då vi hadde sagt ja til kvarandre ( vi fridde annakvar gong!), var det ei rekke
praktiske ting vi måtte tenke på.
I november 1999 skulle vi tinge lokale og fann ut at det ikkje var for tidleg, mykje
var oppteke allereie.
Valget fall på Årvoll gård som er ein gamal gard som no er eigd av Bjerke bydel og
restaurert med pietet. Der kunne vi få plass til alle store og små vi hadde lyst til å
invitere til festen vår, samtidig som det ikkje var for stivt og formelt.
Festen blir halde laurdag 9 september.
Vi ringte også til Oslo tinghus for å få praktiske opplysingar om fristar for melding
om partnerskap etc, og fekk tilsend skjema for utfylling.
Ein kan melde frå maksimum 4 månader før seremonien skal skje.
Det viste seg at seremonien ikkje kunne bli halde på laurdagen på
grunn av at Oslo Byfogdembete skal flytte, så vi måtte ha seremoni
på fredag 8 september kl.13.45.
Oslo Tinghus har to fine seremonirom med plass til opp til 60 personar
og med flygel etc.